nyhende
Ein gong Noregs mest populære måleri
Kanskje har du eit såkalla «Strandamåleri» liggjande blant rotet på loftet eller i kjellaren? I etterkrigstida vart det nemleg produsert rundt ein halv million slike bilete frå ei lita bygd i Nordhordland. I dag dukkar dei stadig opp på loppemarknader for ein billeg penge.
Strandamålarane, også kalla Lindåsmålarane, var ei gruppe fiskarar og småbønder frå bygda Stranda på Lindås – som i dag ligg i Alver kommune – som over nokre tiår hadde måling av landskapsbilete som attåtnæring.
Bileta deira blei veldig populære og har hengt på veggen i heimar over heile landet trass i at dei var utskjelte i kunstnarkretsar. Motiva er lett å kjenne att med fjord, fjell og ofte eit lite raudmåla hus.
Historien samla i bok
Kunstnarkollektivet Alt Går Bra i Bergen med samtidskunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried har late seg fascinere av desse gamle oljemåleria. Først vart det utstilling med innsamla strandamåleri som fekk enorm respons, og no er dei aktuelle med boka «Strandamalerne. Norges mest populære malerier».
Der har dei invitert sentrale stemmer i kunstfeltet til å revurdere fenomenet strandamålarane i spennet mellom finkultur og lågkultur. Boka er rikt illustrert og byggjer også på intervju med attlevande målarar og etterkommarane deira.
Høg- eller lågkultur, kven bryr seg?
– Det har vore ei overrasking å høyre historier om kor artige strandamålarane var, og korleis dei ikkje tok seg sjølv særleg høgtideleg. Det er ein stor kontrast til dei surmaga kommentarane frå kultureliten som vi finn i pressa på 1950-talet, seier Agnes Nedregård frå Alt Går Bra i ei pressemelding.
Interessa til den norsk-argentinske kunstnarduoen byrja i 2019 då dei undra seg over dei enorme mengdene med landskapsmåleri måla på papp-plater og innramma av taklister som var til sals på loppemarknader og i bruktbutikkar.
– Vi blei veldig nysgjerrige på «biografien» til strandamåleria – der dei har bevega seg frå stoveveggen til loppemarknader i løpet av få tiår, seier Branko Boero Imwinkelried.
Masseproduksjon
Strandamålarane var amatørar som hadde som attåtnæring å masseprodusere bilete med folkelege motiv, i hovudsak landskapsmåleri. Måten dette gjekk føre seg på var å lage ein slags karusell med fleire lerret eller papplater, og måle det same motivet på alle. Dermed kunne dei produsere fleire bilete i slengen. Verksemda vart etablert av John Johnsen Hølleland rundt 1940, og hadde stordomstida si fram til 1960-åra.
I tillegg til målarane vart det sysselsett folk til å distribuere måleria over heile landet, der seljarane gjerne gjekk frå dør til dør i distrikta for å tilby bilete til prisar som passa betalingsevna. Over nokre tiår fann hundretusenvis av måleri vegen til norske heimar. Strandamålarane klarte å skaffe seg ei kjærkommen ekstrainntekt for å kunne brødfø store barneflokkar. Dei fleste var i nær slekt med kvarandre, og familienamn som Hølleland, Hosøy og Johnsen gjekk igjen.
Folkeleg
– Då strandamålarane tok fram penselen, braut dei den uskrivne regelen om «å bli ved sin lest». Som vi kan sjå av diskusjonar i pressa i 1950-åra, var det ikkje særleg populært hos den kulturelle eliten. Det som har gjort oss nysgjerrige er korleis noko som har vore så elska, samtidig kunne vere så forhatt? spør Nedregård.
I samtida si opplevde ikkje strandamålarane å få anerkjenning som kunstnarar. I nyare tid har fenomenet fått auka merksemd som ein folkeleg tradisjon.
Ingen har tidlegare prøvd å dokumentere eller analysere strandamålarane. Ambisjonen med boka er ikkje å rette opp i dette, men å vekkje interesse og kanskje få andre til å ta opp stafettpinnen.
– Det har vore utruleg spennande å sjå sprengstoffet i fenomenet strandamålarane, når kunsthistorikarar, som tradisjonelt ikkje har villa ta i dette materialet, her gir seg inn på seriøse analysar, seier Agnes Nedregård.
– Det som interesserer oss er korleis ei gruppe bønder, som ikkje skulle vere målarar, skapte eit bilete av naturen og seg sjølv, seier Branko Boero Imwinkelried.