nyhende
– Ein godt gjennomarbeidd kommuneplan er avgjerande
Kva var den viktigaste politiske saka i Sveio i år, og kva vil dei prioritera i 2026? Me har spurt politikarar frå kvart parti. I dag: Rune Teikari, Frp.
– Kommuneplanen har også i 2025 vore den klart viktigaste saka. Som det viktigaste styringsdokumentet i kommunen legg han grunnlaget for langsiktig og føreseieleg utvikling for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn. Planen set ei tydeleg, strategisk retning for samfunnsutvikling og arealbruk, styrkjer den politiske styringa, fremjar medverknad og bidreg til at kommunen når måla sine. Difor har arbeidet med kommuneplanen stått i fokus for meg i 2025.
– Kva var den viktigaste saka for deg i 2025?– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2026?
– 2026 vil by på mange viktige saker, som å sikre framdrift i arbeidet med både nytt helsehus og ny barnehage. Dette er heilt grunnleggjande for at vi også i framtida skal kunna levera gode tenester innan helse og oppvekst. Likevel ser eg på arbeidet med å ferdigstilla ein ny og heilskapleg kommuneplan som den aller viktigaste saka. Ein godt gjennomarbeidd kommuneplan er avgjerande for den vidare utviklinga av heile Sveio – både i sentrum og i bygdene. Han vil gje innbyggjarane høve til å realisera ideane og tankane sine for framtida.
– Kven er statsminister hausten 2026, og kvifor?
– Jonas Gahr Støre. Dei andre støttepartia til regjeringa har ikkje noko realistisk alternativ til han. Sjølv om Senterpartiet tidvis har vist usemje, har dei investert så mykje politisk prestisje i dette regjeringssamarbeidet at eit skifte hausten 2026 verkar lite sannsynleg.
– Har du eit personeleg mål for 2026? Kva og kvifor?
– Eg er ikkje ein stor tilhengjar av å setje spesifikke mål for kvart einskild år. Likevel ønskjer eg å utfordre meg sjølv i ei tid prega av konstant digital tilkopling og tilgjengelegheit. Det personlege målet mitt for 2026 er å vere fullt til stades i møte med andre menneske og å redusere distraksjonar frå digitale einingar i sosiale situasjonar.