Litt før julaftan fekk Bua Bygdelag og Liv og Lyst Bua ei gladmelding. Vestland fylkeskommune gjev dei 300.000 kroner for dei tre neste åra til Liv og Lyst-prosjektet.
Liv og Lyst er eit prosjekt frå Vestland fylkeskommune kor lokalsamfunn kan søkja midlar til fleire mål, mellom anna å skapa meir bulyst, meir aktivitet i bygda, styrka næringsliv eller å byggja lokal identitet.