nyhende
Ein av fire ladestasjonar ute av spel i Sveio
Ein av dei fire ladestasjonane i Sveio sentrum virkar ikkje. — Det er ei driftsfeil som skal rettast snarleg, seier Mer til Vestavind.
I minst to dagar har den ytre ladestasjonen ikkje vore mogeleg å bruke. Når Vestavind kjem til staden lysar dei tre nærmast senteret som vanleg, og den fjerde ikkje.
Teknisk feil
Det skuldast ein feil som har oppstått i sjølve stasjonen opplys kundeservice i Mer.
— Me har allereie fått ei driftsmelding på den, og teknisk avdeling skal retta den snarleg, seier den tilsette me har snakka med.
Annonse
Uklar årsak
Nøyaktig kva som har hendt er ho ikkje sikker på, og seier det vil først vere klart når reparatørane har sett på stasjonen.
— Me veit det er ein spenningsfeil, men sjølve årsaken er framleis uklar, seier ho.
Dei tre andre fungerar fint og kan brukast som vanleg opplyser Mer.