nyhende
SV vil innføra reform med gratis SFO for alle:
– Ein arena der mange er med og nokon er utanfor
SFO er ei viktig sak for SV og Audun Lysbakken. I Sveio SV er det gode støttespelarar med eigne erfaringar. Kristina Våge Ballard gjekk ned i stilling for å unngå den store kostnaden – det svara seg.
Partileiar i SV, og stortingsrepresentant frå Hordaland gjorde eit lite stopp i Sveio onsdag for å møta tre damer frå Sveio SV. Dei baud den reisande på kjeldevatn og økologiske gulrøter frå Straumøy.
På agendaen stod SFO, noko Kristina Våge Ballard brenn for. Ho har forsøkt å få gjennom fleire tiltak her i Sveio, i løpet av dei to åra ho har vore med i kommunestyret.
– Eg foreslo at me ikkje skulle auka satsane, men det fekk me ikkje gjennomslag for, heller ikkje søskenmoderasjon, seier Ballard.
SV meiner at familiar skal betala minst mogleg og aller helst sleppa utgifta med SFO, slik at alle barn får lik rett til å ta del i den gode ordninga. I følgje Sveio kommune, er prisen for ein fulltidsplass på SFO i Sveio er 3292 kroner i månaden. Har ein fleire barn i småskulen og i tillegg ein eller fleire i barnehagen, er det klart at det kan bli kostbart.
Barna treng SFO
Audun Lysbakken meiner at SFO er viktig å prioritera at fleire grunnar.
– Den eine er at det ikkje berre er foreldra som treng det, men også barna. Det er ein arena der mange er med, og nokon er utanfor. SFO er også i ferd med å bli ein del av skuledagen, og viktig for det sosiale fellesskapet, seier Lysbakken. SV-politikaren meiner at dei skyhøge prisane i Sveio og landet, sørgjer for at ein god del ungar ikkje får vera med.
– Det handlar ikkje berre om dei som har minst, men dei med vanleg inntekt, poengterer han.
Gjekk ned i stilling
Ballard, som sjølv er mor til to skuleungar fortel at ho gjekk ned i stilling i staden for å bruka SFO-tilbodet i ein periode, då det gav best utslag på økonomien.
Lysbakken lyttar og nikkar til erfaringa til partifellen.
– SFO er så dyrt at det ikkje lønner seg å jobba. Me vil sørga for at staten gjennomfører nasjonal reform med gratis halvdagsplass frå 1.-4. trinn i første omgang, seier Lysbakken.
Nokre stader i landet har alt denne ordninga. Der har deltakinga skote i vêret.
– Praktisk talt alle er i SFO, og ingen står på utsida av fellesskapet, seier Lysbakken, som ser føre seg at det kan leggjast gode og viktige tilbod inn i ordninga dersom alle kan få lik rett til å vera med på leiken.
Meir velferd
I tillegg til gratis SFO, vil SV også ha ein ende på kostbare tannlegebesøk. På same tid som me skal bli mindre avhengige av olja, og slutta å leita etter ny. For å få balanse i rekneskapen, meiner SV at dei rikaste i landet skal betala meir skatt, dei med millionlønn, stor formue og dei som arvar mykje.
– Dei rike har blitt utruleg mykje rikare. Det blir ikkje skatteauke for dei med vanlege, låge lønningar. For dei som har lønn på 6-700 000 kroner, vil det utgjera nokre hundrelappar, forklarar Lysbakken.
Ved sist stortingsval fekk SV 6 prosent oppslutnad frå sveibuen.
– SV har gode målingar i det siste, me håpar å få to representantar frå Hordaland inn i år. Vestlendingane er nok litt redd for olja, men SV vil at denne overgangen samtidig skal sikra trygge arbeidsplassar, seier Ballard.