nyhende

Bildet er tatt i 2019, like etter valet. F.v. Håkon J. Skimmeland (Ap), ordførar Linn Therese Erve (Ap), varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) og Rune Teikari (Frp).
Bildet er tatt i 2019, like etter valet. F.v. Håkon J. Skimmeland (Ap), ordførar Linn Therese Erve (Ap), varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) og Rune Teikari (Frp).

Eigedomsskatten kan gå mot ei avvikling

Rådmannen har fått i oppdrag å avvikla eigedomsskatten, slik at den er heilt vekke frå 2023. Det vekkjer oppsikt at Arbeidarpartiet støttar saka. – Det handlar om å gi og ta, forklarar Håkon Skimmeland i Sveio Ap.

Publisert Sist oppdatert

Sidan innføringa av eigedomsskatten i 2010, har Sveio FrP jobba for at innbyggjarane skal betala mindre eigedomsskatt. Ein konsekvens er at det blir mindre inntekter til Sveio kommune.

I det justerte budsjettforslaget kom det måndag kveld fram at Sveio kommune er komen i ein situasjon der kostnadane knytt til innkrevjing av eigedomsskatt er stor i forhold til bidraget som kjem til driftsbudsjettet. Sveio bør difor ta mål av seg til å vere ein kommune utan eigedomsskatt, heiter det i vedtaket som Arbeidarpartiet og FrP stiller seg bak.

– Eigedomsskatt er etter vårt syn ein usosial skatt som rammar blindt, og ikkje tar omsyn til sosiale omstende eller betalingsevne for skatteytaren og bør avskaffast. Me er svært glade for at me i årets budsjett fekk gjennomslag for ei avvikling av eigedomsskatten i 2023, seier Rune Teikari til Vestavind. Partiet hans er opptatt av at eit godt tilbod til innbyggjarane skal skapast gjennom mest mogleg optimal drift, og ikkje maksimal beskatning av innbyggjarane.

– I det langsiktige vedtaket er det mogleg å jobba med optimalisering av drift, samstundes som kostnadane knytt til innkrevjing forsvinn. Framover vil det også komma ei forutsigbar inntekt frå havbruksnæringa. Låge kostnadar og gebyr vil bidra til å styrka Sveio si konkurransekraft, og på den måten gi nye inntekter, seier Teikari.

Anbefala auke

Å avskaffa eigedomsskatt harmonerer ikkje med det rådmann Jostein Førre anbefalar. I føreordet til budsjettet, trekk han mellom anna fram at bufferen i budsjettet snart kan vera brukt opp og kommunen vil etter kvart bli meir sårbar. Hans anbefaling var auke i inntekter frå eigedomsskatten neste år, på 400 000 kroner.

Som ein tilleggsopplysning, kunne Sveio kommune i beste fall hatt rundt 13 millionar kroner (2018) i inntekter som følgje av denne kommunale skatten, som no kan gå mot ei avvikling.

Fleire påpeiker at vedtaket ikkje harmonerer med Arbeidarpartiet sin politikk. Håkon Johnsen Skimmeland frå Sveio Ap påpeiker at dei har hatt eit samarbeid med Sveio FrP sidan 2015.

– Må både gi og ta

– I eit politisk samarbeid mellom to eller fleire parti, så er det alltid slik at ein må både gi og ta.  Nokre av sakene me har blitt samde om gjennom desse åra har vært sentrale saker for Ap, mens andre har vore sentrale saker for FrP, slik må det vera. Eigedomsskattesaka er ei sak som har vore viktig for FrP, og dette har Ap respektert. På same tid har mellom anna sak om badeanlegg vore viktig for Ap, og dette har FrP respektert. Våre veljarar vil ha fokus på Ap sine saker, og at me får gjennomslag for viktige saker i vårt partiprogram. Dette har me klart dei åra vi har vore i posisjon, forklarar Skimmeland.

Partiet hans meiner elles at budsjettet for 2021 vil sikra gode tenester for innbyggjarane i kommunen, og på same tid fokusera visjonane dei har for kommunen i åra som kjem.

– Vårt mål er å sikra at Sveio kommune er ein god plass å bu og leve i for alle innbyggjarane, seier Skimmeland til Vestavind.

Powered by Labrador CMS