nyhende

Tidlegare skulesjef Lars Eikehaugen vaks opp mellom motstandsfolk i Vikebygd, men ante ikkje kva dei dreiv med før krigen var over.
Lars Eikehaugen.

– Ei utruleg lette då krigen var slutt

– Eg hugsar godt fredsdagen og 17. mai 1945. Aldri før hadde det vel vore så langt tog og så mykje folk på nasjonaldagen i Vik, fortel Lars Eikehaugen (92).

Publisert Sist oppdatert

Den pensjonerte skulesjefen i Sveio, som i periodar også har fungert som rådmann, vaks opp på austsida av Ålfjorden. Han var tolv og eit halvt år då tyskarane invaderte Noreg.

–  Me hadde ikkje radio, men naboen hadde. Tidleg om morgonen 9. april kom han springande opp til oss og sa at «nå har me krig».

Også dei føregåande dagane var spennande, hugsar 92-åringen. Dei høyrde om senkinga av troppetransportskipet «Rio de Janeiro» utanfor Kristiansand og ordren som gjekk ut om kvelden 8. april om å sløkkja alle fyrlykter. Folk var spente og redde. Tolvåringen merka det også, sjølv om han i dag meiner at han var for ung til å ta alvoret skikkeleg innover seg.

– I dei dagane var det visst berre utanriksministeren som ikkje trudde på krig, seier han.

Evakuerte byfolk

Då invasjonen var i gang, svirra det mange rykte. Folk frå Haugesund søkte tilflukt på landet, også i bygdene langs Ålfjorden. Johannes Trovåg var ein av dei som kjørte i skytteltrafikk med folk som ville til ein meir trygg opphaldsstad. Han hadde lastebil med hus på lasteplanet, innreidd mest som ein buss.

Før hadde Trovåg kjørt meir eller mindre i konflikt med HSD-Bilane. Nå fekk han beskjed om å kjøra det han kunne, så lenge det var råd, for å evakuera byfolk.

Det gjekk fleire veker før Eikehaugen  såg tyske soldatar. Før det dukka det opp ein norsk soldat i stova heime. Han var søkenbarn til Lars si mor og løytnant i Haugesundkompaniet under leiing av kaptein Vestbø.

Då han kom innom på eit kort besøk, hadde han vore i Haugesund og forhandla med okkupasjonsmakta om kapitulasjon for dei norske styrkane. Løytnanten hadde tidlegare vore i kamp mot tyskarane ved Ulvik i Hardanger.

Omgitt av motstandsfolk

I luftline var det ikkje langt frå Lars sin heim til Eikås, der Arquebus heldt til med sin hemmelege radiosendar. Heller ikkje til Bjoa, Haugsgjerdet, og Håvardsholm på vestsida var avstanden stor. På alle desse stadene blei det bygt opp celler av motstandsfolk og lagra våpen. Stort sett var desse cellene uavhengige av karandre og visste ikkje om kva dei andre dreiv med.

Mange av slektningane til Lars var involverte i motstandsarbeidet. Likevel ante han ikkje noko om dette illegale arbeidet før etter krigen. Sveibuen Lars Håvardsholm kjende han godt. Han var ofte innom heimen deira når han hadde ærend til kommunesenteret i Vikebygd.

Likevel visste ikkje unge Eikehaugen  noko om det omfattande motstandsarbeidet Håvardsholm sto i. Onkelen Nils Rishammar blei arrestert og etter kvart sendt til Grini i 1944. Fleire andre slektningar rømde til England mot slutten av krigen, då det byrja å brenna under føtene deira.

Gestapo kom heim

Den mest dramatiske hendinga Lars Eikehaugen var vitne til under krigen, var at to Gestapo-offiserar kom heim til dei for å havhøyra mora. Medan avhøyret gjekk føre seg, sat Lars og faren bak eit forheng og følgde med. Han hugsar korleis faren knytte nevane i spenning i sinne.

Bakgrunnen for avhøyret er Eikehaugen svært sparsam med å gi oss detaljar om. Han nemner at mora var leiar i det lokale husmorlaget. Husmorlaget hadde vist interesse for å hjelpa eit jødebarn i bygda, seier han. Meir får me ikkje vita. Men mora må ha svara godt for seg. Ho blei ikkje arrestert. Kor det blei av jødebarnet til slutt, veit ikkje Eikehaugen den dag i dag.

Interessa vakna

Sjølv om han vaks opp midt  mellom motstandsfolk, var det først då han flytta til Sveio rundt 1963 Eikehaugen for alvor byrja å interessera seg for den lokale krigshistoria. Interessa blei vekt av Arnfinn Haga si bok «Arquebus kaller London».

Seinare las han meir og snakka også med Lars Håvardsholm og andre som hadde vore involverte innanfor heimefronten.   På grunnlag av det han lærte, skreiv han «Arquebus-gjengen 1940-1945», eit emnehefte for grunnskulen.  Han anar ikkje om nokon brukar dette heftet til undervisning lenger.

– Dei unge i dag veit truleg svært lite om krigen. Dei har aldri opplevd den enorme letten det var å bli frie igjen. Ikkje håpar eg dei må oppleva det heller.

Fredsdagen

Fredsdagen 8. mai 1945 hugsar Lars Eikehaugen svært godt. Dette har han også skrive om i ein artikkel som sto i Årsskrift for Sveio Kystlag 2015.

– Alle radioar i bygda var konfiskerte av tyskarane etter ordre frå Terboven. Dei var lagra i eit rom på skulen der eg gjekk på framhaldsskule den siste krigsvåren. Det var lett å sjå at nokon hadde vore innom radiorommet og forsynt seg. Ein av dei var «Sjuraper´n».  Nå sette han radioapparatet i kjøkenglaset. Me som var samla utanfor, fekk høyra Winston Churchill frå London, og etter kvart også både kong Haakon, kronprins Olav og statsminister Johan Nygaardsvold.

Stemninga sto i taket då rutebilen kom fra byen med aviser. «KRIGEN ER SLUTT» var  hovudtittelen på framsida av Haugesunds-pressen – fellesavisa for Haugesunds Avis og Haugesunds Dagblad under krigen.

Åra har gått. På verandaen sin i Sveio sentrum sit Eikehaugen og lurer på om, og i tilfelle når, me skal bli ferdige med krigen. Og så synest han jo det er litt stussleg at koronaviruset set strek over alle feiring nett i år som det er 75-årsjubileum for freden.

Powered by Labrador CMS