nyhende

Ei reise i eit tun

Det er fire hus i tunet, – stovehus, torvhus, eldhus, og restar av eit gammalt fjøs. På andre sida av vegen står den nyaste låvebygningen, bygd i 1958. Alderen på våningshuset er vanskeleg å tidfesta nøyaktig, men er truleg nær 300 år.

Publisert Sist oppdatert
Torvhuset har blitt forlenga med ein garasje. Inntil langveggen veks kvite kongslys.

Plassen blir omtalt som Lid eller Søra-Lid. Brukarane kallar seg Lie. Då Alfred Severin Lie overlet garden til sonen Alf Owe, tok han atterhald om bruksretten til gamlehuset.

– Eg kunne ikkje tenkja at det skulle flekkjast vekk og øydeleggjast. Dette er barndomsheimen min, i dette tunet er eg oppvaksen, seier han stolt.

Sans for det gamle

Alfred Severin Lie møter oss for ei omvising saman med dotter si, Åshild Irene Lie. Åshild Irene har vore leigebuar i huset nokre år, og fortel ho trivst svært godt på plassen, men så har ho også sans for det gamle, iallfall når ho får miksa med litt nytt.

– Eg har alltid hatt lyst til å bu her, så det var kjekt at eg fekk moglegheit til det etter at eg var ferdig med studia og flytta heim igjen. Det siste farmor sa til meg før ho døydde var «nå kan du gjera huset heime gammalt», ler Åshild Irene.

Den eldste løa på garden er riven, berre skalet av fjøset står att. Fasaden mot tunet er bølgeblekkplater i kombinasjon av diverse andre plater og treverk. Det var mor til Alfred, Borghild, som i si tid stakk nokre vivendel-avleggarar i jorda i håpa om å mjuka opp fjøsveggen.– I dag er det nesten berre vivendelen som held huset oppe, konstaterer Åshild. Sjølv finn ho til liks med bestemora, glede i alt som spirer og gror.

Tidsepokane

Gardshuset har gjennomgått mange forandringar opp gjennom åra, både nødvendige reparasjonar, og til meir moderne installasjonar. Blant anna har taket opplevd skiftande tider med teglstein, eternitt til moderne stålplater.

Tømmerveggene seier noko om alderen på huset. Alfred Severin som er tømrar av yrkje, fortel at han i samband med montering av plater på stoveveggene, måtte hogga av og leggja til mange tommar før han fekk platene i vater.

Kring husa, der foreldre- og besteforeldre har budd under same tak i generasjonar, finst mange merke etter levde liv. Dette ønskjer familien Lie å ta vare på.

Powered by Labrador CMS