nyhende

Ei oppleving Valen verdig

Fredagens konsert med Bergen filharmoniske orkester er truleg ein av dei flottaste musikalske opplevingane i Sveio gjennom alle tider.

Publisert Sist oppdatert

Idrettshallen på Vigdartun i Sveio fredag kveld: 350 publikummarar kom for å høyre 130 av Nordens beste musikarar. 70 symfonikarar og 60 koristar. Forventingane var definitivt høge då Bergen filharmoniske, eller berre Harmonien om du vil, la si sesongavslutning til Sveio. Og dei innfridde til dei grader.

Anledninga var naturlegvis Fartein Valen-festivalen, og det som i år har er eit heilt minneår for komponisten frå Valevåg. Konserten med Harmonien var sjølve hovudarrangementet under årets festival, og definitivt eit høgdepunkt mellom arrangementa som har gått av stabelen i Sveio under festivalen som kommunen deler med Haugesund.

Kvalitet

Og at det var kvalitet i alle ledd var det ingen tvil om. Dirigenten Dmitry Matvienko vann den prestisjetunge internasjonale Mailo-konkurransen for unge dirigentar i fjor. Han debuteter med fleire orkester i år. Mellom desse Harmonien. Fiolinisten Alexander Kegan var solist under framføringa av Fartein Valens Fiolinkonsert. Russaren, som har spilt med Harmonien sidan 2020, har vunne ei rekke internasjonale prisar.

Valen sitt gjennombrudd

Stykket han var solist på fredag kveld, rekna Valen sjølv som eitt av sine beste verk. Nøyaktig kva som inspirerte han veit ein ikkje sikkert, men det vart skriven i komponistens hei i Valevåg, fire år etter at hans fadderbarn, Arne Valen, døydde av tuberkulose berre 20 år gamal. Ei hending som skal ha sette djupe spor i Valen. Stykket vart elles skriven i 1940, samstundes som andre verdskrig herja i Europa og også var komen til Noreg. Og det var eit konsentrert publikum som spissa øyrene for å prøve å tolke stykket som var Valen sitt internasjonale gjennombrot som komponist.

Den om lag to timer lange seansen i Vigdartun, inkludert ein 20 minuttar lang pause, vart innleia med Felix Mendelssohns «Hebridene, konsertovertyre, opus 26. Konserten heldt fram med korstykket «Jesus, meine Zuversicht» av Johann Sebastian Bach, framført av Edvard Grieg Kor. Så kom Valens nemnde fiolinkonsert.

Etter pausen heldt den musikalske draumekvelden fram med Johannes Bhrams Symfoni nr. 3 i F-dur, opus 90.

— Fleire enn i Bergen

Ein minnerik kveld vart avslutta med Farteins Valens Salme 121 for kor og orkester. Eit stykke Fartein Valen (1887-1952) faktisk aldri fekk oppleve framført med kor sjølv, men som han truleg ville vore mektig imponert over å få høyre saman med dagens sambygdingar i Sveio. Ei mektig oppleving med det 60 røyster store koret, og den internasjonalt røynde solisten Ann-Helen Moen i spissen.

350 selde billettar på Vigdartun må elles reknast som bra.

— Relativt sett eit mykje større publikumstal enn me vanlegvis har i Grieghallen i Bergen, kviskra ein mektig imponert bergenser i øyret til Vestavind sin bladfyk etter konserten.

Powered by Labrador CMS