nyhende
– Ei flott oppleving i havgapet!
Tilbodet om å eta middag ute på kommunen si rekning har blitt godt motteke.
Då Vestavind var på Ryvarden tysdag, møtte me mange forventningsfulle og glade sveibuar som hadde sett fram til denne dagen. Også vêret viste seg frå si aller beste side.
Ut til Ryvarden er det 2,5 kilometer, så her gjekk drosjane i skytteltrafikk for å frakta gjestene, men det fanst også sprekingar som gjekk på eigne bein og dermed fekk seg ein god trimtur før middagen.
– Dette er femte turen ut hit i år, fortel ekteparet Randi Elise og Olav Rossehaug som er svært begeistra for plassen.
Mange tok heis
– Ryvarden hang litt igjen når det gjaldt ønskeplassen å eta middag, men då det blei kjent at det var heis på fyret, fekk pipa ein anna lyd og mange melde seg på, fortel Åshild Danielsen, aktivitetskoordinator pleie og omsorg i Sveio kommune.
Programmet starta med at kulturfyrvaktar Gunn Bente Håvardsholm ønska velkommen, før ho overlet scena til Irene Halseid og Geir Jørgensen (bass). Derifrå gjekk det ikkje lange stunda før dei to fekk publikum si fulle merksemd. Før middagen kom på bordet fekk dei servert både dikt, musikk og song, og fått servert ei morosam historie om då Halseid drog til sjøs som 17-åring.
Tysdag, onsdag og torsdag denne veka skal det serverast 237 middagar fordelt på Ryvarden kulturfyr og Kaien Førde. Målgruppa er sveibuar over 65 år.