nyhende
Eggmangelen i Noreg held fram
Det er heilt i det blå når det blir nok egg tilgjengeleg i norske butikkar.
– Vi kunne selt mykje meir egg om vi hadde fått tilgang, slik vi vart lova av marknadsregulator før påska. Det var langt frå nok egg tilgjengeleg, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop til VG.
Han seier eggsalet har auka det siste året, noko han meiner Nortura ikkje har teke innover seg.
Selde litt mindre før påska
– Nortura har påstått at det er nok til kundane. Det er det ikkje. No forventar vi at politikarane følgjer opp. Viss det ikkje blir teke grep, risikerer vi at eggmangelen held fram.
Nortura på si side seier dei fekk litt mindre egg enn i fjor før påska på grunn av høgt sal av egg direkte frå gard.
Hamstring
– Denne påska har det vorte produsert minst like mykje egg i Noreg som til påska i fjor, men fokuset på egg den siste tida har nok ført til mykje hamstring. I tillegg har mange kjøpt egg direkte frå gard, og det påverkar naturlegvis utvalet i daglegvarebutikkane, seier Marthine Haugen Petersen, senior kommunikasjonsrådgivar i Nortura, til Nationen.
I eit intervju med Nationen før påske ville ikkje landbruksminister Geir Pollestad (Sp) nekte nordmenn å hamstre. I staden bad han folk bruke egga dei kjøper no, heilt fram til jonsok.