nyhende
Eggjakt i friskt ruskevêr på Ryvarden
Trass i vind og ruskevêr møtte mange opp då den tradisjonelle påskeeggjakt vart arrangert på Ryvarden kulturfyr palmesøndag.
Det var ikkje det klassiske påskevêret der sola lokka folk ut på knausane kor ein kunne nyta niste og kaffi. I staden var det heller å søke etter lune krokar eller ly bak husveggane. Likevel var stemninga god, og for små og store som jakta etter påskeegg som var plassert i området rundt fyret, blei det ei frisk fyroppleving med vind og regn som røska godt i andletet.
Vaflar, kakao og bursdagsfeiring
Nysteikt vaffellukt frå kafeen, varm kakao og kaffi var det fleire som nytte godt av. Av dei var Irene Flatnes Haldin (40) og tantebarnet Vilde Flatnes Kristiansen (9) som begge feira bursdagen sin med nysteikt vaffel denne palmesøndagen.
Vilde hadde leita etter egg saman med søskenbarnet Einar, og kunne stolt visa fram begge hendene fulle med egg.
Opningstider og aktivitet på fyret
Kafevert Jenny Haldin var utkledd som påskehare saman med Maja Flage frå Saltveit, og her kunne egga vekslast inn mot noko søtt. Dei fortel at dei hadde tre bøtter med kokte egg.
– Etterkvart som me får inn egg gøymer me dei på nytt. Egg som ikkje blir funne blir før eller sidan til mat for dyr i naturen her, fortel Haldin.
Ho fortel vidare at fyret hadde sesongopning den 1. mars, og framover er fyret ope på søndagar og raude dagar. I påskeveka er det ope kvar dag unntatt påskeaftan. I sommarsesongen vil det vera utvida opningstider.
Inne på fyret er det glasskunsten til Kirsten Vikingstad Hermansson som fyller lokala no. Kulturfyrvaktar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen oppmodar folk til å følga med på Facebook-sidene til Ryvarden for oppdatert informasjon om utstillingar og opningstider.
Godt oppmøte trass vêret
Kulturfyrvaktaren, som stod for vaffelsteikinga saman med fyrvert Margareth Odland, fortalte om eit godt oppmøte, sjølv om vêret kan ha påverka besøksmønsteret der ein gjerne ikkje blir sittane og nyta sol og fint påskevêr.
– Det har vore godt trøkk, men det var mange som var tidleg ute og klare då eggjakta starta, for slik å kunna gje seg på heimvegen før vinden tok seg for mykje opp. Men eggjakta har dei fått med seg, seier Eriksen.
Ein fast tradisjon for mange
Vertskapet på fyret kunne stadfesta at Ryvarden er eit stort trekkplaster for folk i nabokommunane. Fleire av dei frammøtte som Vestavind snakka med fortalde at dei anten hadde hytte i Sveio eller var invitert av familie og kjente i Sveio.
For mange er påskeeggjakt på Ryvarden blitt ein fast tradisjon, slik som for søskena Amelia og Sofie Studsvik frå Haugesund, med familie frå Sveio som inviterte til besøk.