nyhende
Eggbonden: Fortenesta går den vegen høna sparkar
Bonde Ida Bamsrud har ei høne å plukke med dei som har kalla den tidvise eggmangelen for ei eggkrise. Krisa i hønehuset handlar mest av alt om dårleg forteneste for bøndene, seier ho.
– Då foreldra mine dreiv garden, fekk dei betalt litt over halvparten av det egga kosta i butikken. I dag får me ein tredel, seier Ida Bamsrud (38), medan ho kastar ut nevar med tørka larvesnacks på golvet.
Rundt henne i det 70 meter lange hønsehuset klukkar og flaksar det 7.500 høner frå golv til tak. Dei er alle av rasen Dekalb og kom til gards då dei var 16 veker gamle. Etter å ha budd seg inn ein månads tid, tok tuppene til å jobbe. No er dei blitt 36 veker, og skal verpe til dei er 78 veker gamle. Som hjå oss andre tobeinte søkk nemleg både kvaliteten på egga og verpeprosenten med alderen.
– Alle hønene tek seg ein fridag i blant, så i snitt legg dei seks egg kvar i veka. Det hadde sjølvsagt vore fint om alle kunne teke fri på sundagar, men det har eg ikkje greidd å lære dei, humrar Ida.
Ei høne å plukke
Når bilen frå Nortura rullar inn på tunet ein dag i veka for å hente varene, sender ho og ektemannen Kjell-Kristian (39) i snitt frå seg fire pallar med over 43.000 egg. Det svarar til 2.200.000 egg på eitt år.
Ifølgje Norsk Fjørfelag er det i Noreg i dag 539 eggprodusentar som samla har over 4,1 millionar verpehøner. I 2022 leverte dei 65,2 tonn egg, eller over ein milliard egg i året, om du vil. Egg frå gardsutsal kjem i tillegg.
Ida har difor ei aldri så lita høne å plukke med dei som har ropt eggkrise med utestemme når det tidvis har vore tomt for egg i butikken. Det er eit godt stykke unna realiteten, seier ho, sjølv om også Norturas prognose er at det vil bli produsert 20 millionar egg for lite dette året.
– I Noreg i dag har me ein dekningsgrad på egg på nær 99 prosent. Det betyr mest av alt at alle egga som blir produserte blir brukt, og det er veldig bra. Somme dagar kan det vere mangel på nokre av kartongtypane, men eggkrise er det ikkje, meiner ho.
Norskare majones
Med det sagt, har det lenge gått den vegen høna sparkar for norske eggbønder. Dei siste 10–12 åra har det nemleg blitt produsert altfor mange egg her i landet. Det har i sin tur ført til endå dårlegare prisar for bøndene. Overskotet av egg har faktisk vore så stort at bøndene kunne søkje om å bli kompensert 115 kroner per høne dei ikkje sette inn i produksjon i 2023. Det tilbodet var det rift om. Samla fekk 13 produsentar rundt 850.000 kroner kvar for å ta eggfri i 12 månader. Det var faktisk eggprodusentane sjølv som måtte betale for det, via den såkalla omsetningsavgifta dei blir trekte for på eggoppgjeret.
Det er likevel ikkje eggfri hjå nokre få som forklarar kvifor det stundom har vore tomt for egg i butikkane. I tillegg til svak kronekurs, er det i hovudsak fugleinfluensa og Salmonella i andre europeiske land som har skulda. Det har mellom anna vore fleire salmonellautbrot hjå ein svensk produsent som dekka 20 prosent av eggbehovet til svenskane. Sjukdomane har redusert eggtilgangen og ført til prisauke på dei utanlandske egga, som tidlegare har vore billegare enn dei norske.
– Marknaden har snudd totalt på eitt år. Norsk industri har lenge importert ein del utanlandske egg til bruk i matproduksjon. Etter sjukdomsutbrota har dei no brukt norske egg i staden, og då er det blitt noko mindre egg att til den norske forbrukaren, forklarar Ida.
For å sikre nok egg til påska aukar Nortura importen av egg som skal gå til industrien. Mange høner produserer nokre veker lenger før dei blir utrangerte, i tillegg til at innhentingsfrekvensen hjå bøndene blir auka.
Spreier risikoen
I Europa er det store skilnader på kor mange høner kvar bonde kan ha. Medan konsesjonsgrensa her i Noreg altså er 7.500 verpehøner, har Sverige besetningar på mellom 30.000 til 1,2 million høner. Det er med andre ord mange høner og svært store inntekter som går tapt når besetninga blir råka av alvorleg sjukdom.
Ida meiner difor ikkje at det å auke konsesjonsgrensa er vegen å gå her heime.
– Me er veldig heldige som har såpass små og familiedrivne besetningar i Noreg. Det spreier og reduserer risikoen for sjukdom, og norske verpehøner er framleis blant dei friskaste i verda.
Kjell-Kristian nikkar, medan borna Marte og Even fyk forbi. I Noreg er det Nortura som er marknadsregulator på egg. Dei har også plikt til å ta imot alle egg som blir produserte her i landet, uansett mengde. Midt oppi alt er Kjell-Kristian difor nesten glad for at det er blitt så kostbart å bygge og investere at det har stoppa potensielle nye produsentar frå å starte opp no under «eggkrisa». Ikkje fordi han ikkje ønskjer konkurranse – men fordi det då truleg berre ville vore eit tidsspørsmål før det på nytt vart overproduksjon og endå større prisfall.
– Det er økonomien som er hovudproblemet, og som gjer at mange bønder legg ned. Vi må rett og slett få betre betalt for produkta me leverer. Det er også difor næringa no spør etter verktøy som kan regulere marknaden betre.
Ein kald dusj
Ida er tredje generasjon eggbonde på garden, og har sett hønsehuset endre seg i takt med nye regelverk og konsesjonsgrenser. I 1975 kunne ein eggbonde ha maksimum 2.000 høner. I 1994 vart konsesjonsgrensa auka til 5.000, og i 2004 til 7.500. Då det i 2012 vart innført forbod mot å ha høns i vanlege bur, bygde foreldra til Ida om til lausdriftsfjøs.
Ida og Kjell-Kristian overtok i 2016 og sette inn eit såkalla frittgåande fleiretasjesystem. I dag styrer dei mykje av hønsehuset frå ei datamaskin. Det er den som syter for at hønene alltid har fri tilgang på fôr og vatn, at inneklimaet ligg på rundt 19 grader og at lyset i huset blir dimma opp og ned som soloppgangar og solnedgangar. Blir det for varmt for hønene om sommaren, er tåkedusjen også berre eit tastetrykk unna.
– Sjølv om me bruker mindre tid på 7.500 høner enn foreldra mine brukte på 2.000, må me likevel springe fortare og fortare for å oppretthalde inntekta. Det betyr også at me er heilt avhengige av andre inntekter ved sida av, fortel Ida.
Prisen står stille
Sjølv er ho utdanna veterinær, men fekk ikkje vaktordninga til å gå opp med gardsarbeid og familieliv. No driv ekteparet i staden eit multibruk med korn-og skogproduksjon, utleige av gardsbygningar, gardsutsal og eigen isproduksjon. Ida seier ho heller ikkje kjenner andre i næringa som har lagt alle inntektsegga sine i ei korg. Til det er utgiftene for mange og store.
Då dei starta opp var innkjøpsprisen på ei verpehøne 48 kroner pluss moms. I dag har han stige til nær 60. I den same perioden har kraftfôrprisen auka frå 3,40 til 5,40 per kilo. I tillegg har både renta og prisen på straum gått opp. Det einaste som knapt har endra seg på desse åra, er betalinga dei får for egga. Likevel har Ida Bamsrud håp om at det skal bli betre tider:
– Sidan me starta som eggprodusentar har prisen me får for egga gått opp med seks kroner kiloen, medan utsalsprisen i butikkane har auka mykje meir. Det er jo nokon som sit att med gevinsten, men det er altså ikkje bøndene. Me er difor veldig spente på jordbruksoppgjeret i år – og eg vel å vere optimist. Det må eg vere.