nyhende

Bergen filharmoniske orkester er blant gjestene under årets Fartein Valen-festival. FOTO: ODDLEIV APNESETH
Bergen filharmoniske orkester er blant gjestene under årets Fartein Valen-festival.

— Eg vonar fleire vil støtta opp om konserten med Harmonien

Ingebjørg Bratland og Bergen filharmoniske orkester er berre nokre dagar unna Sveio. Festivalansvarlege Ole Jørgen Furdal vonar folk vil støtta opp om dei høgtidsame konsertane som nærmar seg med stormsteg.

Publisert Sist oppdatert

Den lokale komponisten Fartein Valen skal denne veka heidrast gjennom klangfulle og melodiøse tonar, framførte av Bratland i Sveio kyrkje på torsdag og Harmonien i idrettshallen på Vigdartun fredag.

— Eg har aldri før kunna presentera eit så flott festivalprogram, særleg med tanke på det som skal skje i Sveio, seier Furdal.

Bratland-konserten sel godt, men salet til orkesterkonserten kunne ha vore noko betre, meiner han.

— Me sel 300 billettar på kvar av konsertane, og det er framleis ein del ledige billettar att. Eg vonar fleire vil støtta opp om konserten med Harmonien. Dette er eit kjempeorkester som tek med seg eit særs flott program.

Til slutt understrekar han at opplegget for helga er noko ein neppe vil gå glipp av:

— Dette er eit sjeldan høve å få med seg. Eg ser fram til mange flotte konsertar! seier Furdal.

Powered by Labrador CMS