nyhende
– Eg valde denne jobben fordi eg ønsker å lære barn nye ting
Denne hausten har Vestavind Haya Mohammad og Mandy Gaya Ple-Said i arbeidspraksis. Dei får prøva seg på forskjellig, og har mellom anna laga den nye spalta «I arbeidspraksis». Her får du møta andre 10. klassingar som er ute i jobb ein dag i veka.
– Eg jobbar i Sveio barnehage på avdelinga Solo.
– Kvifor valde du denne jobben?
– Eg valde denne jobben fordi eg ønskjer å lære barn nye ting.
– Kva er arbeidsoppgåvene dine?
– Arbeidsoppgåvene mine er å laga mat til barna. Nokre gonger kuttar eg også opp frukt til dei. Og så er eg ute og held barna i aktivitet når me er ute og lekar.
– Kva likar du best med jobben?
– Eg likar å vera saman med barn, og eg ønskjer å gi dei kunnskap og lære dei kva som er rett og gale.
– Er det noko du synest har vore utfordrande?
– Av og til kan det bli litt mykje når det er mange barn, og det blir det mykje styr.
– Synest du jobben passar for deg? Kvifor/kvifor ikkje?
– Ja, eg likar å jobba med barna og synest det er gøy å kunne vera med dei og gjera ulike ting både inne og ute.