nyhende
– Eg valde å jobba i Vestavind fordi det høyrdest spennande ut
Gjennom hausten 2025 har Haya Mohammad og Mandy Gaya Ple-Said vore i arbeidspraksis i Vestavind. Dei har stått bak spalta «I arbeidspraksis», der 10.-klassingar fortel om arbeidsdagen sin. No er praksisen over, og denne gongen er det dei sjølve som deler erfaringane sine.
– Eg jobbar i Vestavind.
– Kvifor valde du denne jobben?
– Eg valde å jobba i Vestavind fordi det høyrdest spennande ut. Det var noko eg ikkje hadde prøvd før, og eg ville gjerne testa noko nytt.
– Kva er arbeidsoppgåvene dine?
– Arbeidsoppgåvene mine i Vestavind er eigentleg ganske enkle. Eg intervjuar mange ulike folk, både ungdommar i utplassering og andre. Etterpå skriv eg ned svara deira, og så legg me det ut.
– Kva likar du best med jobben?
– Det eg likar best med jobben min, er at eg får jobba sjølvstendig.
– Er det noko du synest har vore utfordrande?
– Eg synest eigentleg at alt har vore veldig gøy, og eg har ikkje opplevd så mykje som har vore utfordrande. Men det kan vera litt vanskeleg når me har planlagt å intervjua nokon og dei seier nei, for då tek det litt tid å finna andre.
– Synest du jobben passar for deg? Kvifor/kvifor ikkje?
– Eg likte å jobba i Vestavind. Det var mykje sjølvstendig arbeid, og det passar meg godt. Samstundes trur eg ikkje dette er ein jobb eg ville valt på fast basis, for det er eigentleg ikkje heilt dette eg ynskjer å jobba med.