nyhende

– Eg syntest eg kjente stemma di

Sprit og munnbind møtte dei som hadde meldt seg på massevaksineringa til kommunen. Det blei litt flir og latter bak munnbinda, som eigentleg var mest til bry – men likevel så nødvendige i denna tida.

Publisert Sist oppdatert

– Det gjekk heilt fint, det er ingenting å klaga på, seier nyvaksinerte Rigmor Bjerkeland. Ho sit på ein stol, med god avstand til andre i storesalen på Soknehuset. Her sit folk og ventar på at tida skal gå, for å sjå om innhaldet i influensavaksina gir uventa reaksjonar. Dersom ingenting skjer, kan ein etter 20 minuttar kasta munnbindet ved merka utgang. Bjerkeland gler seg til å koma ut i frisk luft.

– Det er vondt å pusta, seier ho, og peiker på munnbindet ho har fått.

Hege Kinn gjer seg klar for å vaksinera Gjertrud Bjerkeland.

I dag er den første av to massevaksinasjonsdagar i regi av Sveio kommune. Det er influensavaksina som blir sett, rundt 500 sveibuar har meldt seg på til no.

– Det er rundt 1100 som er kategorisert i risikosona, ein del av dei har tatt, eller skal ta sprøyta hos fastlegen sin, seier Toft, som reknar med å få 50 til 100 personar til på lista.

– Me tar folk fortløpande om nokon ringer til kommunehuset og melder seg på, seier kommunalsjef Ingunn Toft.

Avlastar legekontor

Til saman var det ti frå helse og omsorg i sving på Soknehuset denne dagen. Både litle- og storesalen blei brukt til venterom, med kvart sitt tilhøyrande vaksinasjonsrom, der fire sette sprøyter.

Reidun Irene Framnes er til dagleg på Sveio legekontor, og synest tiltaket til Sveio kommune er fint, slik at legekontora blir avlasta, og smittevernreglar kan overhaldast. Dei som får seg eit stikk set også pris på tiltaket.

– Mange er glade og takknemlege, seier ho.

Test før koronavaksina

Kommunalsjefen er nøgd med korleis ting flyt då Vestavind er innom tysdag føremiddag. Nokre småting kan gjerast på ein annan måte, men dagane skal evaluerast godt.

– Det går kjempefint. Det er eit bra sig utan opphopningar av folk. Dette blir ein test før koronavaksina kjem, me skal ha ein god plan til neste store vaksinasjonsrunde, seier Toft.

Ho er også tilfreds med Soknehuset, det er godt eigna til føremålet. Her er det laga til to venterom og to vaksinasjonsrom, i tillegg er det mogleg å gå inn éin plass og ut ein annan.

Powered by Labrador CMS