nyhende
– Eg synest me har det meste her
Alf Gunnar Helgesen er vekas «Hei, sveibu!»
– Jobbar ved Imenco i Tysvær med ansvar for produksjon og sal.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Naturen og folka som bur her. Eg flytta hit for mange år sidan, og trivst veldig godt.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Eigentleg ikkje. Eg synest me har det meste her, også bra utval i butikkar. Eg har ikkje sakna polet, men det blir eit fint supplement til resten av butikkane.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Herlighet! Det er ikkje lett å koma på i farten. Men me har naust i Valevåg som er ein spesiell plass for oss og som me brukar mykje.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Dei tilsette ved Sveio omsorgssenter. Dei gjer ein veldig god jobb. Av enkeltpersonar er Ole Johan Sveen den første eg kjem på. Han har gjort ein fantastisk jobb for ungdommane i mange år.