nyhende

Knut Aron Fludal
Knut Aron Fludal

– Eg saknar eit større brettspel-miljø i kommunen

Vekas «Hei, sveibu» vil framsnakka far sin.

Publisert Sist oppdatert
– Kva gjer du til dagleg?
– Kva gjer du til dagleg?

Hei, sveibu!

Namn: Knut Aron Fludal

Alder: 31

Bustad: Tveit/Haugesund

– Eg er regionalkonsulent i IOGT, som er ein rusfri organisasjon. Regionen min omfattar Vestland og Rogaland fylke. Dermed blir det ein del reising. Jobben min omfattar mellom anna medlemskontakt og organisering.

– Kva er det beste med å vera sveibu?

– Det trur eg rett og slett må vera menneska som bur i Sveio.

– Er det noko du saknar i Sveio?

– Eg saknar eit større brettspel-miljø i kommunen.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?

– Det første eg kjem på er vintrane med trygg is på Vigdarvatnet. Då kunne me dra ut og gå på skeiser.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?

– Då vil eg nemna far min, Kjell Pettersen. Eg er svært stolt av han for dugnadsinnsatsen han gjer og for gleda han har av å hjelpa andre. Som eksempel kan eg nemna at han har vore mykje med som frivillig i Gjenbruksløa. Tidlegare har han også reparert syklar for flyktningfamiliar.

Powered by Labrador CMS