nyhende

Thor Magnar Thorsen, redaktør i Radio 102. FOTO: PRIVAT
Thor Magnar Thorsen, redaktør i Radio 102.

— Eg oppdagar stadig nye område og stadar å utforska

Thor Magnar Thorsen er er gjest i spalta «—Hei, sveibu» denne veka.

Publisert Sist oppdatert
— Kva gjer du til dagleg?
— Kva gjer du til dagleg?

Hei, sveibu!

Namn: Thor Magnar Thorsen
Alder: 53 år
Bustad: Gjeringstjørn, Ekrene

— Eg er redaktør i Radio 102.

— Kva er det beste med å vera sveibu?

— Eg tenker det beste er nærleiken til flotte turområde, fiskevatn, fjell, skog, svaberg og urørt natur. Max (ein 8 år gamal cocker spaniel) og eg oppdagar stadig nye område og stadar å utforska. I Sveio er det utruleg mange flotte stadar, også utanom dei mest kjente turområda. Dessutan synest eg folk i Sveio er både hyggelege og imøtekommande mot oss innflyttarar.

— Er det noko du saknar i Sveio?

— Eigentleg ikkje. No kjem det jo snart Vinmonopol til bygda, så då er me snart sjølvforsynte på alle måtar. Har også tenkt at det burde vore rom for ein årleg musikk/rockefestival ein eller annan stad i Sveio. Ikkje nødvendigvis i sentrum, men eksempelvis i Førde, Auklandshamn, Valevåg eller langs Ålfjorden ein eller annan stad.

— Kva er ditt beste sveiominne?

— Svigermor mi har nettopp skaffa seg ein landstad i Auklandshamn som me er så heldige å få låna. Me hadde nokre nydelege dagar og sommarkveldar der i fjor sommar, og satsar på at det blir meir av det same sommaren som kjem. Har også ein tidlegare kollega som har hytte på Erve. Har mange gode, og nokre litt vage, minner derfrå.

— Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?

— Det må vera dei som brukar tid på å skilta, merka, kvista og tilrettelegga turløypene i Sveio. Her blir det openbert lagt ned mykje arbeid som er til stor glede og nytte for oss som likar å gå tur.

Powered by Labrador CMS