nyhende

— Eg måtte berre dela dette biletet!

Før me fekk spurt om det, kom det første påskebiletet på e-post til Vestavind. To lukkelege barn med kvar sitt lam. Har du bilete frå påska du vil dela, send dei til tips@vestavind.no.

Publisert Sist oppdatert

På Våga, og mange andre stadar i Sveio, er lamminga i full gang, og det er bestemor Eli Karin Våge som har sendt oss dette herlege biletet av barnebarna Jonas og Tiril Økland Våga. Dei er heldige og kan kosa seg med påskelamma.

— Me har 70 sauer som skal ha lam, men kor mange lam det blir veit me ikkje, seier Våga.

Ho fekk biletet av svigerdotter Evy Ann Rød Økland, og måtte berre dela det med Vestavind.

Det håper me mange andre Vestavind-lesarar også vil gjera. Skriv kven som er fotograf, kvar biletet er teke og kven som er med på biletet. Gjerne meir om du vil det.

Send bileta til tips@vestavind-sveio.no. Me oppdaterer lesaralbumet gjennom påska.

Powered by Labrador CMS