nyhende

Slik feirar Sondre Natås Strand påsken.

– Eg kryssar fingrane for at me får kjenna påskesola varma

Påsken nærmar seg, og for mange blir påskedagane brukte på heilt ulike måtar. Me i Vestavind har spurt ulike sveibuar om korleis påsken deira ser ut.

Publisert

– Feirar du påske?

Dagens påskeenquete

Namn: Sondre Natås Strand

Alder: 32 år

Bustad: Førde

– Eg feirar sikkert påska slik som dei fleste andre. Eg blir tvinga til å ta ein pust i bakken og ikkje jobba, på grunn av dei raude dagane. Helst hadde eg ønska det var lov å laga litt meir støy på raude dagar, slik at eg kunne nytta dei til utearbeid heime.

– Kva skal du i påsken?

– Eg er litt usikker på kva me skal gjera i påska, men det blir i alle fall tid med familien, turar og trening. Eg kryssar fingrane for at me får kjenna påskesola varma.

– Har du nokre påskefavorittar?

– Det må nok vera påskekrim.

– Kva er ditt beste påskeminne?

– Beste påskeminne er krim på fjernsyn og ein god middag med lam på menyen.

Powered by Labrador CMS