nyhende
– Eg kjem aldri til å bli språkleg korrekt
Ronny Brede Aase likar kjensla av å danse over ei blomeeng. Den får han mest av alt når han sit stille og skriv.
– Den er ein sprek flytemadrass. Mjuk og god og litt fiffig innimellom!
Han hevar stemma for å overdøyve lastebilen som dundrar forbi uteserveringa:
– Og så er eg jo fordømt stolt av den. Den er ikkje like utprega som den spissaste sunnmøring eller den mest sognete sogning, men ein plass midt i mellom, der ligg eg og vakar på ein flytemadrass. På den kan ein også sparke godt frå seg!
På hi sia
Ronny Brede Aase pratar om Førde-dialekten, også kalla nordvestlandsk fjordamål, til liks med dialektane på heile Nordvestlandet frå Ytre Sogn til Romsdal. Dialektgrensa går på tvers av Sognefjorden. Nordvestlandsk har e-endingar i infinitiv. Men sjølv om skarre-r no finst i eit samanhengande kystbelte frå Tvedestrand i Aust-Agder og heilt til Florø, har han førebels ikkje fått feste i Førde. Ronny Brede Aase rullar sommarmjukt på r-ane:
– Det største marerittet er å språke og tukle til dialekten. Det gjekk kjempebra til eg fekk meg kjærast frå Oslo. Før det var den største språklege påverknaden foreldre og vener, men no må eg av og til forenkle språket.
– Kva har du forenkla?
– Dei mest dialektprega orda og vendingane er borte. Eg seier til dømes ikkje «på hi sia» på radio og fjernsyn, og då er det blitt borte også priv …
Han bråstoppar og hoiar mot ein kar som går forbi på fortauet:
– Neimen hei, halloi og god morgon du – går det bra?
Likar å resette seg
Dei hamnar raskt i ein jovial passiar om rustne måndagsstemmer, og underteikna ser sitt snitt til å hente meir kaffi. Bandopptakaren ligg att på bordet og går. Seinare skal den avsløre at Ronny fyrst blir stille nokre sekund etter at kompisen forsvinn. Så byrjar han plystre. Og der, der tek han jammen til å nynne høgt for seg sjølv også. Den lystige konserten blir kjapt avslutta i det han ser meg kome attende.
– Ja hei, der var du! Vi var på «hi sia», sant? Ja, eg synest jo det er litt vemodig å ha lagt frå meg slike vendingar. Men som elles i livet, er språket i endring. Vi tilpassar oss.
Han stirer ned i koppen:
– Men mor til ei venninne av meg sa at det er når du ikkje merkar det sjølv, at språket ditt er i endring. Så all den tid eg reflekterer over det, er det bra. Og så likar eg å resette meg med å vere mykje heime og møte venegjengen frå Førde her i Oslo. Etter ein kveld med dei, er språket mitt kalibrert.
E-post med gåsehud
Ronny Brede Aase meiner det å leike seg er viktigare enn all verdas språkreglement. Han blir mest matt av debatten om nyheitsreporterar på NRK bør få prate dialekt eller ikkje.
– Eg blir litt provosert av tanken på at nokon skal måtte innrette seg, og er glad for at NRK er ein pådrivar for å vise dialektmangfald. Tenk om nokon sa at ein reporter var for høg til å formidle nyheiter? Eller for vestlandsk – eller for tjukk? Det hadde me ikkje akseptert. Det hadde vore diskriminering.
– Kva er det finaste nokon har sagt om ditt eige radiospråk, då?
Om det er mogleg å bli meir påtent enn Ronny Brede Aase alt er under sommarsola, blir han det no. Han lyser:
– Ååå! Utan tvil; at bokmålselevar har sagt dei har fått betre karakterar i nynorsk ved å høyre på meg.
– Wow.
– Ja, eg får gåsehud! Det er den vakraste komplimenten eg har fått. Det betyr jo at det at eg er til stades i media, kan gjere noko for folk si forståing av språk. Eg har fått ein del slike e-postar, og dei gjer meg fordømt lukkeleg.
Ta hatet på alvor
Sjølv hadde han nynorsk som hovudmål og har brukt det sidan – også då han drifta Facebook-sida til P3-morgon aleine. Ikkje ein, einaste negativ kommentar, fekk han. Brede Aase trur det var så enkelt som at folk skjøna at han berre skreiv slik han prata.
– Eg mistenkjer at sidemålsundervisninga anno 2023 av og til kan følast påtvunge for både elevar og lærarar og skulle ønskje den opna for meir kjærleik og forståing. Viss eg bestemte, hadde eg teke kritikken mot nynorsken på alvor, for å sjå på korleis ein kan gjere undervisninga meir relevant. Eg er sikker på at det språklege identitetsmangfaldet vil vekse om ein nærmar seg nynorsk på ein moderne og kul måte.
Han dreg pusten:
– Eg har også fått tilbakemeldingar frå bokmålsfolk som seier dei hatar nynorsk, men likar dialekten min. Det viser kor viktig det er at nynorsk har ein plass i populærkulturen. Eg elskar for eksempel Synne Vo, som lagar dritbra popmusikk på ein nynorsknær dialekt og er i ferd med å slå skikkeleg igjennom. Og sjå på Ingebjørg Bratland, Odd Nordstoga …
– Og vi har Jesper Jenset som syng på Molde-dialekt. For ikkje å snakke om Kjartan Lauritzen, og Bergens-hiphop’en! Og det er masse pop på Stavanger-dialekt. Heile landet er fullt av folk som syng på dialekt, og mange som har sunge på engelsk før, vender no heim. Det må vi heie på!
Farleg framtid
Somme ville kanskje mistenkt Ronny Brede Aase for å vere konfliktsky. Andre vil meine han snarare er pedagogisk og løysingsorientert – i alle fall når det gjeld språkpolitikk. For språkkrangelen, den held han seg medvite langt unna. Han vil me skal bruke mindre tid på å hate og kritisere dialektbruk, og meir tid på å bruke dialektane.
– Sjølv brukar eg heller energi på mitt eige språk. Det vil eg at skal vere ei glede å høyre på. Difor kjem eg aldri til å bli språkleg korrekt. Å leike med språket er jo ikkje farleg. Det som er farleg, er at språket vårt blir gammaldags og traust og at ingen finn glede i det.
– Kva er dei finaste orda du veit om, på nynorsk eller dialekt?
– «Augneblink», likar eg. Og «framifrå». Å, for eit flott ord! Noko av det vakraste med nynorsken, er kor lett det er å formidle følelsar og kor blomstrande språket er. Når eg skriv nynorsk og har god flyt, då får eg litt slik «danse-over-blomeeng-kjensle». Det likar eg så godt! Når nynorsken blømer, så hoppar han frå timeteren. Bokmål blir litt meir sånn … eh …
– Som eit lite plask?
– Ja. Eit lite plump. Men når nynorsken fløymer av garde, då er alt berre sprettent og gøy og sommarleg!