nyhende
– Eg kan vere med vener samstundes som eg tener pengar
Denne hausten har Vestavind Haya Mohammad og Mandy Gaya Ple-Said i arbeidspraksis. Dei får prøva seg på forskjellig, og har mellom anna laga den nye spalta «I arbeidspraksis». Her får du møta andre 10. klassingar som er ute i jobb ein dag i veka.
– Eg har ei eiga bedrift saman med tre andre. Eg lager kaker, kjeks og slikt. Nokre av oss har og selt 3D-ting.
– Kvar jobbar du?– Kvifor valde du denne jobben?
– Eg valde denne jobben fordi eg hadde andre vener som hadde hatt denne typen bedrift, og det høyrdest kjekt ut.
– Kva er arbeidsoppgåvene dine?
– Arbeidsoppgåven mi er å bake noko vi kan selje, og å få folk til å kjøpe det eg sel.
– Kva likar du best med jobben?
– Det eg likar best med jobben må jo vere at eg kan vere med vener samstundes som eg tener pengar.
– Er det noko du synest har vore utfordrane?
– Eg synest at det kan vere utfordrande å hugse og bake før eg dreg på skulen.
– Synest du jobben passar for deg? Kvifor/kvifor ikkje?
– Ja, men nokre dagar har eg betre salsdagar enn andre. Eg kunne også ha drive med noko anna.