nyhende

Kulturminister Lubna Jaffery opna 9-holsbanen i Sveio Golfpark:

– Eg heiar på Sveio!

Kulturminister Lubna Jaffery var full av lovord om Sveio Golfpark og roste Sveio kommune for aktiv medverknad då ho laurdag sto for den offisielle opninga av den nye 9-holsbanen med tilhøyrande anlegg.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har høyrt mykje godt om denne golfparken. Og no som eg står her, skjønar eg godt kva det er snakk om. Det er ikkje mange golfanlegg her i landet som har både 18- og 9-holsbane. De har grunn til å vera stolte. Kommunen si rolle som initiativtakar  til golfbanen og har vore svært aktiv i vidareutviklinga. Det er heilt unikt av ein kommune. Det er svært inspirerande. Difor heiar eg på Sveio kommune, sa Jaffery mellom anna i talen sin.

Ho minna også om at regjeringa gjennom tippemidlar og på annan måte har medverka med rundt sju millionar kroner.

Utvikla nye talentar

Av omsyn til veret blei alle talar i samband med opninga haldne innandørs. Deretter drog alle gjester og frammøtte ut til hol nummer ein, der kulturministeren klipte snora og offisielt erklærte banen for opna. Då hadde det allereie begynt å regna. Kort tid etterpå kom ei kraftig byge som overtydde alle om at det var rett å leggja mesteparten av programmet innandørs.

– Dette er Norges største golfanlegg. Golf er ein stor idrett. Difor er det viktig for meg å vera med på opninga, sa kulturministeren til Vestavind etter snorklippinga.

I talen sin  nemnde ho at golf er ein sport for alle og var inne på kor viktig det er med rekruttering.

– Det blei ingen OL-medalje i golf på oss i Paris. Kanskje det er her grunnlaget skal leggjast for framtidige medaljar innan denne sportsgreina, sa ho og minna også om at Bård Skogen er ein av dei fremste golfspelarane i landet i dag.

Opninga av golfbanen var det andre oppdraget til Jeffery på Haugalandet i løpet av to dagar. Fredag deltok ho under Amandashowet i tilknyting til filmfestivalen i Haugesund.

Første utslag

Etter at kulturministren hadde erklært 9-holsbanen for opna, var det Even Dueland som fekk gjennomføra det første utslaget. Han er regjerande klubbmeister i Haugaland Golfklubb.

– Ei stor ære å få ta det første slaget, seier han til Vestavind.

Etter Dueland fekk også kulturministeren prøva seg. På førehand hadde ho gjort det klart at ho ikkje var nokon aktiv golfspelar. Det måtte både tre og fire forsøk og mykje lått og løye til før ho endeleg traff ballen og sende han nokre meter av garde.

Helsingar og gåver

I tillegg til kulturministeren var det helsingar frå varaordførar Stian Davis i Vestland fylkeskommune, styreleiar i Haugaland Golfklubb Jorunn Skåden og ordrørar André Mundal Haukås. Ordføraren overrekte også gåver i form av kunstverk til Jostein Svendsbø som har vore prosjektleiar for utbygginga, til Magnus Skåden som har teikna det nye anblegget og til golfparken sin styreleiar Per Bjørn Habbestad.

Habbestad leia opningshøgtida og gav også eit lite historisk tilbakeblikk. Han takka entreprenøren Geir Flatnes som har stått for opparbeidinga. Av andre lokale leverandørar nemnde han Rørlegger Thuestad og Bjelland Elektro i tillegg til å takka prosjektleiar Svendsbø for innsatsen. Habbestad rosa også den store dugnadsinnsatsen som er lagt ned i samband med utbygginga.

I likskap med kulturministren håpar Habbestad at den nye 9-holsbanen skal medverka til auka rekruttering og til at fleire skal bli aktive golfspelarar. Ikkje minst håpar han at fleire unge, og fleire kvinner, skal begynna å spela golf.

Etter den offisielle opninga var det lagt til rette for at barn og familiar kunne få prøva seg ute på banen. Det blei også arrangert ei golfturnering i tilknyting til opninga. Resultatlista etter turneringa finn du via denne lenka:

https://www.golfbox.dk/livescoring/tour/?language=2057#/competition/4658638/leaderboard

Powered by Labrador CMS