nyhende

– Eg går ikkje til fysioterapeuten og seier eg «ha ilt i knitti»

Heimanfrå får ho kjeft når ho knotar. I møte med andre er ho lei av å måtte seie ting igjen og igjen. For Elise Thorsnes har heile fotballkarrieren bydd på ei dragning mellom det å halde på dialekta si og det å bli forstått.

Publisert Sist oppdatert

Mål og meiningar

Kven: Elise Hove Thorsnes (33)

Kva: Fotballspelar og ekspertkommentator for NRK

Kor: Frå Leikanger i Sogn, bur på Bjerke i Oslo

Elise Thorsnes flytta tidleg heimanfrå for å spele fotball på toppnivå. Då ho var heime i Leikanger på besøk fekk ho kjeft for knotinga si. Likevel er det utvilsamt ein sogning som møter underteikna på Vålerengas stadion for ein prat før trening.

I møte med spørsmålet: «kva representerer Leikanger-dialekta for deg?» må fotballveteranen stoppe opp og tenke seg om. Ho dreg på det og må ta ein titt ut på regnvêret utanfor stadion. Kanskje det grå «vestlandsvêret» gir henne ein peikepinn?

– Eg veit ikkje kva eg skal svare, innrømmer ho. Ho representerer ei slags stolt bygdejente for meg. Ei stoltheit av å kome frå ei lita bygd med flott natur og flotte fjell.

Tidleg knotast

Bratte fjell og djupe fjordar er bytt ut med betongjungel og byggeplassar. Her har likevel Thorsnes funne seg til rette.

På Intility Arena i Oslo har ho spelt heimekampar med Vålerenga sidan 2021. Tidlegare har ho spelt på laga Arna-Bjørnar, Avaldsnes og LSK. 33-åringen vart krona som årets toppskårar i Toppserien i fjor og med over 200 mål er ho den mestskårande spelaren i serien si historie.

Sjølv om ho for det meste spelar i spissposisjonar er ofte karakteristikken «allsidig» noko som følger Thorsnes ut på bana. Det kan bli sagt om henne utan fotballskoa på òg.

Med ei dialekt ho opplever mange beundrar, men få forstår, har Thorsnes måtta tilpassa språket sitt heile karrieren. Ho flytta heimanfrå i tenåra for å spele fotball i Bergen og begynte allereie då å rote litt med dialekta si. Det måtte ho ta konsekvensane av då ho besøkte heimbygda.

– Då eg begynte på ungdomslandslaget som 15–16 åring, begynte eg å knote litt fordi folk ikkje skjønte kva eg sa. Då fekk eg kjeft heimanfrå og streng beskjed om å halde på dialekta.

Har kutta ut dei breiaste ao-lydane

Og dialekta er framleis intakt, meiner Thorsnes. Ho har halde på målet sitt, men forenklar og snakkar ikkje like breitt som før.

– Eg trur det er ein konsekvens av å ha reist litt rundt om kring. Når folk seier «hæ?» tusenvis av gonger, gidd eg ikkje seie ting opp att tusenvis av gonger, så då tilpassar eg meg.

Dei breiaste ao-lydane i sognedialekten har ho kutta ut. Ho gjer også om på nokre særeigne dialektvariantar ho opplever svært få forstår.

– Eg seier ikkje «mao», «gao» og «stao nao pao» lengre, og «keleis» og «kera» forenklar eg. Eg går heller ikkje til fysioterapeuten og seier eg «har ilt i knitti». Det har eg sagt nokre gongar for mykje og ikkje kome nokon veg med, flirer fotballveteranen.

– No må du tilpasse deg!

Den meritterte fotballspelaren har over 130 kampar med det norske flagget på brystet og var med då Noreg tok bronse i EM i 2009. I sommar ventar treningsfri og tv-sendingar som ekspertkommentator for NRK når fotballkvinnene deltek i VM Australia og New Zealand.

Dialektbruk på statskanalen har vore eit heitt tema i det siste. Mellom anna har sentrale skikkelsar tatt til orde for moderasjon kring bruken av dialekt på NRKs nyheitssendingar. Tilbakemeldingane Thorsnes fekk då ho første figurerte på riksdekkande TV under fotball-EM i fjor, gjekk heller ut på det motsette.

Ho fekk streng beskjed om å slutte å gjere om på dialekta si. Og igjen kom beskjeden heimanfrå.

– Det var mange som kommenterte på at eg sa «mål» og ikkje «maol» og det høyrde eg sjølv også. Men når ein sit saman med austlendingar eller andre med annan dialekt, så er det eit eller anna inni hovudet mitt som seier: no må du tilpasse deg!

Fri frå bygdedyret

Å flytte heimover når spelekarrieren er over, er ikkje uaktuelt for Thorsnes.

– Eg har alltid sagt at eg vil flytte heim, men eg er litt rastlaus og slit med å slå meg til ro. Eg er litt vekkskjemd med å ha hatt eit kjempespennande liv gjennom fotballen, og draumen er jo å få eit spennande liv etter fotballen også. Men om eg kan få det i Leikanger, er eg litt usikker på.

Å bu tett i hovudstaden ber med seg ein, moglegvis bitter, kontrast når ein er vand med å ha heile sognefjorden som boltreplass. Frisk fjordluft fri for eksos og flust av fjellturar tilgjengeleg frå stovedøra er noko av det Thorsnes saknar når ho er i storbyen.

Men dei små forholda saknar ho ikkje. I Leikanger, med sine vel 2000 innbyggjarar, veit alle kven alle er.

– I Oslo møter du berre ein sjeldan gong ein du kjenner eller nokon som bryr seg om kva du driv med, men i Leikanger kan du ikkje gjere noko utan at naboen veit om det. Bygdedyret saknar eg i alle fall ikkje. Det er mykje friare her sånn sett.

– Har den finaste dialekta i verda

Etter kvart som Thorsnes snakkar og mimrar heimover, kjem den stolte bygdejenta gradvis meir til syne. Det snik seg inn nokre sogningsdiftongar etter kvart som praten går, særleg når ho fortel om mora sin standhaftige dialektbruk, som er blitt møtt med både «deutsch?» og «we don’t understand» i møte med andre nordmenn.

Auga er kry når ho fortel, og det lurer seg inn ein ao-lyd når ho omtalar mora sitt ufråvikelege «sognamaol».

– Eg trur ikkje nokon nokon gong har trudd eg har kome frå eit anna land, men eg opplever ofte at folk ikkje skjønar kva eg seier. Etter mi meining er det ei enkel dialekt å forstå, men når ein dreg på med dei breiaste «endigadn» og «ordi» så er det vel mogleg å misforstå.

– Etter kvart som eg har blitt eldre har eg innsett at eg har den finaste dialekta i verda, og eg kjem alltid tilbake til sognemålet. Men når eg er heime tenker eg av og til: snakka eg verkeleg sånn då eg budde heime?

Powered by Labrador CMS