nyhende
– Eg blei heilt sett ut då naboen kom med ringen
Historia om gullringen som forsvann frå høgrehanda til Einar, Bergliot Flåten sin avdøydde ektemann, starta for mange år sidan. Sist torsdag kom ringen til rette på magisk vis.
Alt som ikkje er stole eller brent kjem til svars, heiter eit ordtak. Det bekreftar denne solskinshistoria.
– Då eg fekk sjå ringen visste eg at det måtte vera den rette. Overraska og glad tredde eg ringen på langfingeren og hadde han på meg eit døger, etter det la eg han i smykkeskrinet, der ligg han trygt, fortel fortel Bergliot Flåten.
Ho hadde eigentleg slått seg til ro med at ektemannen sin ring var borte for alltid, no er ho evig takksam for at det likevel skjedde.
Facebook-etterlysing
Det var Torleif Bjelland som via Facebook, etterlyste ringeigaren. Han fortel at ringen dukka opp i ei av skuffene då han overtok nokre gamle kontormøblar etter Sparebanken Vest. Kor lenge ringen hadde lege i skuffa, eller korleis den var hamna der, kjenner han ikkje til.
Ein teori er at nokon kan ha funne ringen og deretter overlate den til banken i håp om at eigar ville spørja etter den der. Om dette var i Sveio eller Førde er også uvisst, sidan banken flytta.
Det var først då Jan Enerstvedt fatta interesse for Facebook-etterlysinga at ringmysteriet blei løyst.
– Sidan det ikkje er så mange som heiter Bergliot, spurde eg naboen min om ho sakna ein ring. Då eg nemde namnet og datoen som var gravert i ringen,«Bergliot 1.1.61» blei ho rar i fjeset, smiler Jan Enerstvedt. Han er glad for at ringen no er tilbake hos rette eigar.
Leita høgt og lågt
– Mannen min var platearbeidar på Stord verft dei siste åra, det hende han tok ringen av seg på grunn av arbeidet, fortel Bergliot som blei enkje for 4 1/2 år sidan.
Ho fortel det har vore mange timars leiting etter ringen, både før og etter at ektefellen døydde. Utan resultat – ikkje før torsdag sist veke.
– Få ting er så personleg som ein giftering. Det var stort å få den tilbake, seier Bergliot letta og glad. Ho er fødd Framnes, og oppvaksen i Førde. Ektefellen var frå Telemark, men kom til Sveio på grunn av arbeidet. Inskripsjonen i ringen var trulovingsdatoen deira. Som ektepar bygde dei hus i Hjartåsen for meir enn 40 år sidan. Fire born vaks opp i heimen.