nyhende
E39 Bokn-Sveio: Kommunedelplanen skal vera klar sommaren 2023
Rambøll er innstilt som vinnar av anbodskonkurransen om utarbeiding av kommunedelplan med konsekvensutgreiing for strekninga E39 Bokn-Sveio.
Konsulentoppdraget har ein verdi på 29 515 000 kroner. Kontrakten har ein varigheit på tre år.
– Dette er eit viktig prosjekt, og me fekk inn tre gode tilbod. Rambøll er den rådgivaren som totalt sett har levert best på våre evalueringskriteriar. No ser me fram til eit godt samarbeid der me saman skal utarbeida ein god kommunedelplan med konsekvensutgreiing, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i ei pressemelding frå Statens vegvesen.
Skal vere klar sommaren 2023
Kontrakten med Rambøll inneheld også to opsjonar som kan løysast ut i kontraktsperioden. Forslag til kommunedelplan skal etter planen vera klar sommaren 2023.
Karenstida for tilbydarane er sett til 8. oktober 2021 og kontrakten vil bli signert når fristen har gått ut. Øvrige tilbydarar var Multiconsult/Asplan Viak, Norconsult og Rambøll
Bokn-Hope (før Bokn–Stord) er eit av delprosjekta på strekninga E39 Stavanger-Bergen som skal gjennom ei framtidig oppgradering til firefelts motorveg og bli ferjefri.