NPK: Ein mann er av Agder tingrett dømt til å betale ei bot på 21.600 kroner fordi han sette teiner i eit fredingsområde for hummar i Kristiansand i fjor. Dette er brot havressurslova og forskrift om fredingsområde for hummar, skriv Fiskeribladet.
Ifølgje mannen var det meininga å fange krabbar, og han visste ikkje at han var i eit fredingsområde for hummar.
Teinene var merkte med både namn og adresse på mannen og funne av ein fiskeriinspektør som var på kontroll i området. Fiskeridirektoratet melde forholdet til Agder politidistrikt som skreiv ut førelegg.
Den tiltalte mannen forklarte mellom anna i retten at han ikkje erkjente straffskyld fordi han ikkje var klar over at området var freda, og at han derfor var unnskyldt.
Men tingretten meinte han burde ha sjekka betre omkring fredingsområde for hummar.
(©NPK)