nyhende
Dyrare matprisar – Forbrukarrådet stussar over konkurransen
Frå 1. februar auka prisane på fleire matvarer i daglegvarebutikkane. Både Norgesgruppen og Virke meiner konkurransen mellom daglegvarebutikkar held prisane så langt nede som mogleg, men Forbrukarrådet stussar.
Kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen seier det er auka kostnadar på råvare og transport som har gjort at matvareprisane på nokre produkt har auka.
– Vi ser at frå 1. februar er det ein del matvarer som blir dyrare, men prisauken vil variere frå produkt til produkt, seier Søyland til Nynorsk pressekontor.
Så langt har ho blant anna sett auke i prisen på fryste bær og pasta.
– Dette er produkt som typisk er importerte og der råvare- og transportkostnaden har gått opp.
Konkurranse held prisane nede
Søyland seier dei såg prisauken kome i fjor haust, då dei var i forhandlingar med leverandørane. Råvare- og transportkostnadane blei teke opp, og sidan det har dei jobba for å gjere prisutviklinga så låg som mogleg.
– Vår viktigaste oppgåve er å halde prisutviklinga så låg som mogleg, slik at den endelege prisen ut til butikkane og daglegvarekjedene held seg stabile i forhold til den gjeldande konkurransesituasjonen.
Vibeke Andersen er bransjedirektør for daglegvare i Virke, daglegvarebransjens talerøyr. Ho meiner konkurransen mellom daglegvarekjedene bidreg til å halde prisauken nede.
I ein e-post skriv ho at den siste oppdaterte konsumprisindeksen til Statistisk sentralbyrå per 8. februar, viser at prisane på matvarer og alkoholfri drikke gjekk ned med 1,9 prosent i perioden desember 2020 – desember 2021. Ho viser også til at det generelle prisnivået auka med 5,3 prosent i same periode.
– At prisane på mat går ned, og ikkje opp, viser at konkurransen mellom daglegvarekjedene bidreg til å halde prisane nede, skriv ho i ein e-post til NPK.
Forbrukarrådet stussar
NRK har sjekka prisane på ei rekkje varer hos Kiwi, Extra og Rema, og slår fast at fleire matvarer har hatt eit kraftig prishopp sidan januar. Kanalen skriv at samtidig som prisane har auka, har dei stort sett enda likt hos alle daglegvarekjedene.
Det får Inger Lyse Blyverket i Forbrukarrådet til å stusse. Ho meiner konkurransen i den norske matvaremarknaden er for dårleg. Konsekvensen er at forbrukarane mister moglegheita til å velje eit billigare alternativ.
– Det gjer det umogleg for oss forbrukarar å bruke forbrukarmakta vår, ved å velje det billigaste alternativet, seier Inger Lise Blyverket til NRK.
(©NPK)