nyhende
Dyr skada etter påkøyrsel
Eit hjortedyr vart skada etter ein påkøyrsel måndag føremiddag.
– Hendinga fann stad på Tittelsnesvegen. Eit rådyr vart påkøyrt og skada, seier vaktsjef Ann Østensvik-Lu.
Rådyret overlevde møtet med bilen, men klara ikkje å gå etterpå. Difor vart Viltnemda varsla for å koma og ta hand om dyret.
– Det var om lag klokka 11.00 på dagen, seier Østensvik-Lu.