nyhende

– Du må ikkje tru at du er ein fisk

– Godt vaksne menneske er overrepresenterte i drukningsstatistikken, kanskje fordi dei med livserfaringa si og kunnskapen sin, kjenner seg litt for trygge. Sjølv om du er ein av dei som siglar, padlar eller svømmer godt, er du likevel ikkje ein fisk. Og ulukker skjer ofte der du minst ventar det.

Publisert Sist oppdatert

Reglar for alle som ferdast i eller på sjøen

  • Ha respekt for vatn, vêr og lokale forhold. Straumforhold og kaldt vatn kan gjera symjeturen farleg.
  • Barn skal aldri bada åleine.
  • Gjer deg kjent med botn- og djupneforhold.
  • Kjenn dine eigne grenser. Du kan ikkje berga andre utan først å ta vare på deg sjølv.
  • Ved ulukke: Først varsla, så berga.
  • Bruk redningsline eller livbøye ved berging.
  • Bruk flytevest og følg Sjøvitreglane når du er i båt. Flytevest bergar liv og reglar gjer sjøen tryggare for alle.
  • Vend i tide, det er inga skam å snu. Symjeturen skal gå langs stranda. Søk ly om det bles opp på båtturen.

Det seier Siv Jensen, dagleg leiar i paraplyorganisasjonen Flyte, som har som hovudmål å læra folk å bruka vit når dei er ute på sjøen. No frontar ho kampanjen . Tysdag denne veka var det ei stor markering i Oslo i høve verdsdagen for å forebygga drukning.

«Du er ikkje ein fisk»

Drukning skjer heile året, men flest ulukker er det i sommarmånadane med juli som toppmånad.  Frå 1. – 16. juli var det tre drukningsulukker under bading og to drukningsulukker etter fall frå land. Dei to fall-ulukkene skjedde i samband med fisking. Éin person har drukna frå fritidsbåt, og éin person frå eit yrkesfartøy, viser tala frå Redningsselskapet sin drukningsstatistikk.

Flest menn og flest eldre

Alle som har drukna så langt i juli er menn. Av dei sju er det eitt barn på 13 år. Fem av mennene var 40 år eller eldre. I 2021 var det der 75 personar som drukna i Noreg. I 2022 steig det til 89 personar. Det viser seg at heile 40 prosent av dei som misser livet på denne måten er over 60 år.

Fram til 16. juli i år hadde 45 personar mista livet som følge av drukning. Det er åtte fleire enn på same tid i fjor. Også i år viser tala at menn er sterkt overrepresenterte. Av dei 45 personane er 43 menn og 3 kvinner.

20. juni gjekk startskotet for Flyte-kampanje for å minna folk på at det er smart å visa vit i og rundt vatn. Den tidlegare Frp-leiaren og finansministeren fortel at organisasjonen Flyte vart stifta i fjor, og at det er eit hovudmål for dei å etablere ein nullvisjon for drukning i tillegg til å driva drukningsførebyggjande arbeid.

Dårlege svømmeferdigheiter

Ei fersk undersøking gjort av Norstat for Frende Forsikring viser at ein av tre nordmenn ikkje klarar å svømma 200 meter i sjøen. 11 prosent klarar mindre enn 50 meter, og 11 prosent vurderer eigne svømmeferdigheiter som dårlege eller seier dei ikkje kan svømma.

Gode svømmeferdigheiter kan redda liv, både ditt eige og andre sitt. Det same gjeld kunnskap om livredning. Her viser ei undersøking frå Gjensidigestiftelsen at ein av tre nordmenn er usikre på om dei klarar å redda nokon frå drukning.

Lær deg livredning

Tidlegare i juli viste fire 11-åringar at kunnskap også er viktig blant barn og unge. Dei redda ein livlaus mann frå drukning.

Du kan bli ein betre livreddar ved å ta det gratis, mobilbasert hjarte- og lungeredningskurset som heiter «HRL 123». Det er godkjent av landets fremste ekspertar på akuttmedisin og er tilpassa heile befolkninga. Kurset kan enkelt lastast ned frå Noregs offenlege nettstad for førstehjelp, 113.no.

Etterlyser nullvisjon

Siv Jensen etterlyser større engasjement frå regjeringa for å få til ein nullvisjon, etter mønster frå trafikken. Der har me hatt ein nullvisjon i over 20 år, og Siv Jensen meiner det har gitt gode resultat.

– Det har ført til at talet på omkomne har gått ned. No druknar det snart like mange kvart år som det er døde i trafikken. Me er i dialog med regjeringa og fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran (Ap), men me synest at dei brukar for lang tid. Dei seier at dei vurderer nullvisjonen, men utan å slå fast at dei vil gå for det. Me meiner det ikkje burde vera så krevjande å få eit slikt mål på plass, seier ho til NPK.

Jensen fortel at det i dag er eit mål om ingen omkomne og hardt skadde knytt til fritidsbåtar, men at det ikkje femner breitt nok. Ho minner om at 40 prosent av drukningane skjer i ferskvatn, og at 40 prosent kjem av fall frå land og brygger og såleis ikkje er direkte relaterte til båt.

Det er heilt naudsynt med betre svømmeopplæring her i landet, meiner organisasjonen Flyte.

Nordmenn er dårlegast i Norden

– Det viktigaste tiltaket er likevel at fleire lærer seg å svømma. Nordmenn er dårlegast i Norden på svømming, så her må det gjerast ein innsats. Sverige har mykje strengare krav til kva ansvar skulane har. Her i landet er det dessverre vekslande tilgang på svømmebasseng, fordi skular og kommunar ikkje har råd til følgja opp. Krava er ikkje strenge nok, slik at det er litt tilfeldig kven som lærer seg å svømma, seier den tidlegare politikaren.

Ho meiner at altfor mykje ansvar blir lagt på dei frivillige organisasjonane, slik som Redningsselskapet, som er ein av organisasjonen som ligg under Flyte-paraplyen.

– Sommarkampanjen «Du er ikkje ein fisk» er ein del av mandatet vårt som er å gjennomføra informasjonstiltak, kampanjar og opplæring innan drukningsførebyggjande arbeid. Med denne kampanjen vil me formidla ein alvorleg bodskap om drukning på ein humoristisk måte. Me har stor tru på at dette er vegen å gå, framfor å bruka peikefingeren, seier Jensen.

Regjeringa jobbar med saka

Fiskeri- og havbruksdepartementet fortel i ein kommentar til kritikken frå Flyte at dei har hatt fleire møte med organisasjonen. Dei kjenner til engasjementet deira for nullvisjon og meiner det har kome gode innspel som departementet no jobbar med.

– Ansvaret for drukningsførebygging generelt er delt mellom ulike departement. Innanfor Nærings- og fiskeridepartementets ansvarsområde er det allereie etablert ein nullvisjon for omkomne og hardt skadde på fartøy og innretningar som ligg under Sjøfartsdirektoratets forvaltings- og tilsynsansvar. Dette omfattar nærings- og fritidsfartøy. Sjøfartsdirektoratet har fått i oppdrag å utarbeida ein handlingsplan, seier kommunikasjonsrådgivar Halvar Wensel.

Han fortel at regjeringa har starta eit arbeid for å vurdera ein nullvisjon for all drukning, men at dette er på eit tidleg stadium. Det er derfor for tidleg å seie kva resultatet blir, legg han til.

13 medlemsorganisasjonar

Flyte har i dag 13 medlemsorganisasjonar:

Norsk Folkehjelp, Av- og- til, Den Norske Turistforening, Norges Livredningsselskap, Norges padleforbund, Norges Svømmeforbund, Redningsselskapet, Skadeforebyggende Forum, Kongelig Nork Båtforbund, MA – Rusfri Trafikk, NTNU, Norges Dykkerforbund og Turskøyting.

Powered by Labrador CMS