nyhende
Drilljentene si draumeveke
Sveio Drill kjem heim med ein fin sjetteplass frå verdsmeisterskapen i drill etter, ei eventyrleg og inspirerande veke i Eindhoven i Nederland.
Det er første gongen at Sveio Drill har vore kvalifisert til å representere Noreg i eit verdsmeisterskap.
— Me har hatt ei flott veke i VM. Jentene har levert på høgt nivå, og me har fått mykje inspirasjon til å halde på vidare, seier trenar Maren Selsås.
Vestavind snakka med ho då dei sat på toget frå Eindhoven til Amsterdam måndag, på veg heim mot Sveio.
Sveio Drill reiste til VM med 12 utøvarar og 4 trenarar, i tillegg til ein liten supportergjeng. I løpet av veka har dei fått trena godt, medan dei konkurrerte på golvet sundag.
— Vi har trena ein del utandørs og, sjølv om det har vore varmt, fortel ho.
Sjetteplass
I puljen sin, som bestod av 7 lag frå heile verda, vart dei nummer 6. Det er dei godt nøgde med.
— Årets mål var nådd då med kvalifiserte oss til VM. At vi også klarte å slå eit lag frå ein annan nasjon er ein fin bonus, seier ho.
Ho legg til at dei poengmessigt ikkje var langt unna dei beste gruppa. Eit lag frå Italia gjekk til topps i puljen, mens det var ein tropp frå Belgia som måtte sjå seg slått av det unge laget frå Sveio.
— Jentene hadde ein kjempefin runde på golvet. Litt nervøse i starten, men det er naturlig i en slik anledning, seier Selsås.
Ny inspirasjon
Til saman deltok om lag eit 10-tals norske drilltroppar med om lag 60 utøvarar i konkurranse med dei beste frå heile verda.
— Det har vore ei stor oppleving for jentene, som og har fått sjå sine idol frå USA og Canada konkurrere. Dei har eit skyhøgt nivå, noko som har vore ein ekstremt inspirerande for oss, seier ho.
Trenaren skryt av det gode miljøet i troppen.
— Det har vore ein kjempekjekk tur med jenter som har jobba på, og vist ei god innstilling og hatt fokus på oppgåvene sine gjennom ein lang og intense veke, seier ho.
Det er ikkje så lenge til Sveio Drill skal ut i verda og konkurrere igjen. I oktober ventar europameisterskapen i Italia.