nyhende

Draumedag med Markus Bailey

Markus Bailey er eit kjent fjes for mange born og unge. Bailey var blant anna programleiar i NRK Super i fleire år. Sist veke besøkte han Sveio skule under MOT sin draumedag.

Publisert Sist oppdatert

I haust vann Sveio skule prisen for årets MOT-ungdomsskule. Prisen blir delt ut til ungdomsskulen som har markert seg best gjennom året ved å ha ulike arrangementer, spreia glede og visa MOT. Konkurrentane er alle MOT-skulane i Noreg. Som premie fekk skulen 5. mars besøk av ein MOT-ambassadør. I år var det Markus Bailey.

Draumedagen er ein dag der MOT legg vekt på det å gleda dei rundt seg. Både MOT-elevar og coachar hadde lagt planar frå morgon til kveld. Frå klokka 15.00-21.00 stod MOT-elevar og coachar i kiosken. Det vart vist film og arrangert turnering i bordtennis. Likevel var det Bailey som var høgdepunktet.

Laga liv og show

Bailey er ein person som lagar mykje show, og denne dagen var ikkje noko unntak. Klokka 09.30 var han på plass i Sveio. Der fekk han eta lunsj, hadde lydprøve og snakka med MOT-elevar. Det blei også ein gledens dag for barnaskulen, då dei fekk helsa på han. Mange rakk å få autografen hans.

Klokka 11.00 braka det laus for alvor. 7. trinn til 10. trinn var med under føredraget til Bailey.

«Er det noko liv her!» var det første ein høyrde, då Bailey tok over scena. Frå start til slutt var det fullt show. Bailey sørga for at både elevar og lærarar var i aktivitet. Han hadde ein lek, kor elevene skulle gjette kva song han nynna. Han laga Sveio sin eigen dans, og det var eit intervju mellom han og Tore Sandnes, som er med i MOT-teamet for Noreg. På slutten kunne også ungdommane stilla spørsmål. Det var det mange som gjorde.

Kosa seg her og no

Det å slappa av og ikkje ta livet så seriøst, var eit av mange bodskap under foredraget.

– Lev livet ut. Ha MOT til å vera deg sjølv, og ikkje stress. Ta ikkje livet så frykteleg seriøst. Ver seriøs når det trengs, men hugs også på å slappa av. Det handlar om å kosa seg her og no, sa Bailey.

Ver deg sjølv, var noko som blei gjenteken, både bevisst og ubevisst, og er noko ungdomane sit igjen med etter MOT-dagen.

– Eg har ikkje alltid vore like sikker på meg sjølv, og eg har verkeleg måtta gå inn i meg sjølv, for å kome til den plassen eg er i dag. Det å vera annleis er ikkje lett, det veit eg alt om. På barneskulen vart eg ikkje inkludert i ting, men heldigvis gjekk ting lettare for kvar dag. Vi har alle kjipe dagar, ein må berre hugsa på at det er desse dagane som styrker oss, sa Bailey.

Fotballproff var draumen

Han fortalte under foredraget at livet ikkje har gått heilt som planlagt.

– Draumen min var først og fremst å bli fotballproff. Kunna leva av det. Planane blei snudd om då eg fann ut at eg ikkje likar å springa, sa Bailey og lo.

– Ein annan ting var då eg skulle søka utdanning. Det gløymde eg heilt! Eg var så opptatt med russetida at eg gløymde å søkja. Det er eigentleg slik eg hamna her.

Han la til at sjølv om det har gått godt for han, må folk ikkje tru at det å festa løyser saker.

– Hugs at utdanninga er viktigare enn russetida. Samstundes må alle leva livet til det fullaste.

– La hjarta ditt ta finpussen

Bailey avslutta den lange dagen med å seia til ungdommane, men også dei vaksne, at dei må hugsa å lytta til seg sjølv.

– Eg brukte lang tid på å finna ut av kven eg var, men når eg gjorde det, gjekk sjølvtilliten opp. Det er viktig å fortelja vidare til andre at ein må lytta til seg sjølv. Gjer ein det, vil det fiksa seg. Ta imot tips, men la hjarta ditt ta finpussen, oppmoda Bailey.

Powered by Labrador CMS