nyhende
Drar nye næringsverksemder til Ekrene
Innan utgangen av november reknar Kai Peder Birkeland med at Ekrene 34 AS har inngått kontraktar på utleige av alt ledig areal i nybygget på Ekrene.
Ekrene 34 AS er eit eigedomsselskap som er eigd av BJ Kran og Transport AS. BJ Kran og Transport AS er ein del av Birkeland-konsernet, der Kai Peder Bireland er dagleg leiar.
Det nye signalbygget som no er reist, har ei grunnflate på 2.200 kvadratmeter og representerer ei investering på 40 millionar kroner.
Fleire leigetakarar
Bygget får ein kontordel og ti gjennomgåande hallar med portar i begge endar. BJ Kran og Transport AS skal disponera både hall- og kontorplass. Anleggsgartner Håkon Bjørndal AS, som også er ein del av Birkeland-konsernet, skal ha kontorplass. Resten skal leigast ut, og Birkeland er nøgd med at leigekontraktane no ser ut til å bli signerte fleire månader før bygget er ferdig.
– Etterspurnaden har vore stor og me er i kontraktforhandlingar med firma innan ulike bransjar, fortel Birkeland.
Kva firma det er snakk om, vil han ikkje ut med før kontraktane er signerte. Han forklarar den store interessa med at det ikkje er ny næringstomter å oppdriva korkje i Haugesund eller ytre del av Tysvær. Dessutan er det fleire som har oppdaga at Ekrene ligg strategisk til mellom Haugesund og Stord, seier han.
– Og det tar berre tolv minuttar å køyra frå Haugesund sentrum til Ekrene, seier Birkeland, som meiner Ekrene næringspark, og dermed også Sveio kommune, no har sin store sjanse til å sikra seg ny verksemd og nye inntekter.
Nybygget skal vera tett i midten av månaden. Deretter kjem støyping av golv og innreiing av kontordelen. Bygget skal vera ferdig til innflytting i mars neste år.
Planlegg nye oppkjøp
Med ein ordrereserve på 170 millionar kroner ser Birkeland lyst på framtida, sjølv om tilgangen på byggeoppdrag frå stat, fylke og kommune har vore liten den siste tida. Eitt av dei store prosjekta som Birkeland vil vera med i konkurransen om, er bygging av ny fylkesveg frå Årabrot til Saltveit.
Birkeland-konsernet er den største aktøren i Ekrene næringspark, med eit utbygd areal på 30 dekar. Sidan etableringa i Sveio for tre år sidan har konsernet dratt 115 arbeidsplassar til næringsparken, delvis gjennom fusjonar oppkjøp av andre selskap. Og fleire kan det bli innan kort tid, for Birkeland seier dei er i sluttforhandlingar om nye oppkjøp. Heller ikkje her vil han seia noko meir om kva selskap det gjeld før alt er på plass.
Etterspurnad etter tomter
Det er ingen kommunale tomter igjen i Ekrene næringspark. Birkeland har avtale om kjøp av resten av kommunen sin eigedom i området, 110 mål som ikkje er opparbeidd. No er opparbeidinga av tomter for sal i full gang, og Birkeland ser for seg at dei første næringsbygga kan bli reiste om tre år. Interessa for tomtene er stor.
– Berre i veka som gjekk hadde eg eit par førespurnader om når tomtene blir lagde ut for sal, seier Birkeland.
– Bør Ekrene næringspark utvidast ut over det arealet som allereie er regulert til næringsføremål?
– Det må bli opp til kommunen. Men det er vel ikkje unaturleg å tenkja i den retning, og her må vera nok av haug og hammar som kan utnyttast til næringsområde, seier han.
Forslag i kommuneplanen
Kommunalsjef utvikling i Sveio kommune, Kenneth Tollefsen, svarar med å visa til kommuneplanen sin arealdel, som enno ikkje er vedtatt. Her er eit område på nær 206 mål aust for Ekrene næringspark foreslått avsett til nytt næringsområde.
Området er i privat eige. Det er for tidleg å seia om det er aktuelt for kommunen å kjøpa og utvikla området eller om dette vil bli overlete til private. Storleiken på området kan også bli justert i samband med regulering, seier Tollefsen.
Kai Peder Birkeland er oppteken av næringsutvikling nordover i Sveio også. Her er mykje sett på vent til traséen for ny E39 er bestemt. Når vegvalet er gjort, vil næringstomter nær den nye motorvegen bli svært attraktive, og kommunen må vera raskt ute med tilrettelegging, meiner industrigründeren på Ekrene.