nyhende

Dramatisk bilbrann i Bømlafjordtunnelen

Mannskap frå brannstasjonane både i Sveio og Førde rykka måndag kveld ut til ein dramatisk bilbrann i Bømlafjordtunnelen. Brannen blei meldt klokka 20.25.

Publisert Sist oppdatert

– Bilen, som sto ca. 1.500 meter frå tunnelopninga på Stord-sida, og var heilt overtent då me kom fram etter å ha køyrt gjennom mesteparten av tunnelen, fortel utrykningsleiar i Silje Kvalvågnes.

Rask sløkking

Ho hadde med seg om lag ti brannfolk frå dei to stasjonane i Sveio, og fortel at det tok kort tid å sløkkja brannen, men brannmannskapa blei verande for å kjøla ned vraket. Dei måtte også venta til folk frå Vegtrafikksentralen hadde fått sjekka at det ikkje var gjort skade på tunnelveggen, forklarar Kvalvågnes.

Bilen som tok fyr, var ein Mercedes SUV. Føraren, ein mann i slutten av 50-åra, var åleine i bilen. Han blei plukka opp av ein annan bil og køyrt ut av tunnelen. Mannen hadde pusta inn ein del røyk og blei tatt med i ambulanse til legevakta på Stord for sjekk, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon Dan Magne Gaard.

Ukjent brannårsak

– Det er alltid dramatisk når det oppstår brann inne i ein tunnel, men brannvesenet kom raskt til og fekk kontroll over elden, seier Gaard.

Han kan ikkje seia noko om årsaka til brannen på det noverande tidspunktet, men det er oppretta sak og bilen vil etter kvart bli undersøkt av krimteknikarar.

Ingen andre køyretøy var innblanda i ulukka. Bømlafjordtunnelen blei stengt for all trafikk medan slokkingsarbeidet pågjekk og blei først opna med redusert fartsgrense ved 22-tida. Klokka 22.42 melde politiet at bilbergar hadde henta den utbrende bilen ut av tunnelen.

Stengt igjen

Klokka 23.45 meldte Vegtrafikksentralen at tunnelen blei stengt igjen på grunn av oppryddingsarbeid.

Frå klokka 01.00 natt til tysdag blei tunnelen opna for fri ferdsel igjen.

Powered by Labrador CMS