nyhende

Donerer inntekta til velgjerd

Ei elevbedrift gav ut boka «Salamanderen» og har allereie selt ein fjerdedel av alle kopiane. – Inntekta går til velgjerd, og me har funne organisasjonane, seier Linnea Bergesen i elevbedrifta.

Publisert Sist oppdatert

Dei kallar seg for «Salamanderens vennar» og består av dei fem tiandeklassingane Kjetil Vierdal, Alex Pedersen, Daniel Svarveit, Odin Roppestad Rossehaug og Linnea Bergesen.

Elevbedrifta har gjeve ut boka «Salamandaren» om salamandrane i Sveio. Til illustrasjon har dei nytta gamle teikningar frå ein medelev som ikkje er med i gruppa, Even Salbu Pettersen.

To organisasjonar

No går dei alle saman ut av grunnskulen og kan skilta med å ha gjeve ut ei bok. Så langt har dei selt ein fjerdedel av opplaget som vart trykka. Og dei vil nytta pengane dei får att til eit godt føremål.

– Pengane skal gå til Missian Aviation Fellowship (MAF) og Kirkens Nødhjelp, seier Linnea Bergesen.

– Kva er MAF?

– Det er ein organisasjon som flyr til veldig fattige land og gjev medisinsk hjelp til kvinner og barn, seier Bergesen.

Feltarbeid

Ho fortel at det er bestefaren hennar som har vist henne kva MAF gjer, og ho tenkjer det er ein flott gruppe å gje pengar til.

– Dei landar stadar kor det ikkje er flyplassar, men berre gras eller jord, seier ho.

Pengar som MAF mottek går i hovudsak til drivstoff, så ho ser på det som å sponsa flyturar med medisinar. Kirkens Nødhjelp får også del av inntekta grunna deira engasjement for noko som har vore mykje i media dei siste månadane, krigen i Gaza.

– Det er ei veldig relevant og viktig sak, seier ho.

Feltarbeid

Som del av bokprosjektet utførte dei også feltarbeid, kor dei var med å telja salamandrar i salamanderparken.

– Det utgjer siste del av boka, kor ein kan lesa om prosjektet og feltarbeidet vårt, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS