nyhende
Dømt til soning og bot etter ruskøyring
Ein sveibu er i Haugaland og Sunnhordland tingrett dømt til 18 dagar i fengsel og betala ei bot på 35 000 kroner etter å ha køyrd bil i ruspåverka tilstand. Førarkortet er inndrege med seks månader, noko som er redusert tid.
Det var ein ettermiddag for nokså nøyaktig eitt år sidan at mannen i 60-åra blei stoppa av ein sivil politipatrulje ved avkøyrsla til Buavåg. Det var tilfeldig at patruljen bestemte seg for å føreta kontroll av bilføraren, det var ingenting ved køyringa eller tiltalte som gav grunnlag for å stansa han.
Utslag på 0,5 i promille
Tiltalte avla spyttprøve som gav utslag på THC (rusmiddel i cannabisprodukt som hasjisj og marihuana jour. anm.). Konsentrasjonen var på 0,0100 mikromol per liter, som i henhold til omrekningsforskrifta tilsvarar nøyaktig 0,5 i alkoholpromille. Analyseresultatet i seg sjølv viste med andre ord ikkje promille over 0,5. Patruljen fann difor ikkje grunnlag for å inndra førarkortet.
Røyka hasj kvelden før
Bilføraren har forklart at han røyka ein sigarett med hasj kvelden før, og at han gjekk til ro seinast klokka 22. Han kjente seg heller ikkje rusa av hasjinntaket kvelden før køyringa starta.
Retten har likevel dømt tiltalte på bakgrunn av ei samla bevisvurdering, blant anna på bakgrunn av at blodprøva blei tatt om lag to timar etter køyringa. Ein sakkyndigrapport blir også lagt til grunn. Retten meiner at tiltale burde ha innsett han var påverka under køyringa og at han har utvist uaktsamheit.
Tapsretten for førarretten ville normalt ved påverknad frå 0,5-0,8 i promille vore frå 12-18 månadar fengsel. Påtalemyndigheita har ikkje beslaglagt førarkortet til tiltalte, noko tiltalte ikkje kan bebreidast for. Retten finn at det året som har gått sidan køyringa utgjer «lengre tid» i forskriftens forstand, og at tapstida difor må reduserast merkbart til seks månadar.