nyhende

– Dokka var absolutt verst

Sveio brannstasjon har fire kvinner tilsett. To av dei deltok under NM i brannsport i helga, og kom heim med både gull, sølv og bronse.

Publisert Sist oppdatert

Lillesand i strålande sol og varmt sommarvêr var åstaden for NM. Løypa dei gjennomførte var den same både fredagen og laurdagen:

Først på med brannklede, røykdykkarutstyr og kobla på luft. Deretter måtte dei rulla inn ein brannslange og klatra opp eit 12,5 meter høgt tårn. Neste utfordring var å heisa opp ein 19 kilo tung slangepakke med tau. Vidare sprang dei med ein slange med fullt trykk og spyla mot ein blink. Siste oppgåve var å dra ei 80 kilo tung dokke over målstreken. Beste tid i løypa vann.

Tungt, men gøy

– Det var tungt, men veldig gøy. Varmen og at me jobba med luft gjorde det ekstra utfordrande, for me jobbar sjeldan med luft til vanleg. Men dokka var absolutt verst! Den er uhamseleg, og du kjenner det godt når du skal dra med deg 80 kilo daudvekt heilt på slutten. Det var mange som tok seg heilt ut, seier Siren Myhre Rossebø.

Ho reiste til NM saman med Åshild Haugsgjerd frå Sveio og Marie Louise Brynjelsen frå Aksdal.

Bronse, sølv og gull

Fredagen var det individuell konkurranse, og der tok Haugsgjerd bronsemedalje. Laurdagen var det både tandem og lag. I tandem – der jobbar brannkonstablane to i lag – blei det eit hakk gjevare metall til Myhre Rossebø og Haugsgjerd: sølv.

I lagkonkurranse blei det to rundar for det samansette femkvinnerslaget frå Sveio, Aksdal, Lofoten og Rakkestad.

– Først innleiande runde, og deretter finale. Dei to andre på laget traff me då me kom til Lillesand. At me gjekk heilt til topps er utruleg stas, seier Myhre Rossebø.

Ingen barndomsdraum

Ho er ein av dei to sist tilsette ved Sveio stasjon, og har jobba der sidan januar.

– Eg trenar mykje, mellom anna crossfit, og likar fart, spenning og å testa grensene mine. Då eg såg ei annonse om at dei trengte nye brannkonstablar, slengte eg inn ein søknad, men rekna ikkje med å høyra noko. Så det er heilt tilfeldig og ingen barndomsdraum som gjer at eg no er her på åttande månaden, seier Myhre Rossebø.

Ho har ikkje angra eit sekund og trivst veldig godt. Både med arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet.

Strålande nøgd stasjonssjef

I Noreg er berre 3,2 prosent av brannkonstablane kvinner. Sveio brannstasjon ligg skyhøgt over dette med fire kvinner av 14 deltidtilsette. Omsett i prosent blir det 28,6. Ei av dei, Silje Kvalvågnes, er også utrykkingsleiar ved stasjonen, og Ingunn Skåden er den fjerde av kvinnene.

Stasjonssjef John Anders Semb er strålande nøgd med innsatsen under NM.

– Det er heilt utruleg det dei presterte i Lillesand. Eg har ikkje fått snakka skikkeleg med nokon av dei to som var der, men fekk sagt til ho eine at ho er ei jernkvinne. Meir var det ikkje tid til, for me var på ein brann, seier Semb.

– Råsterke og knallflinke

Han er stolt over at dei har så mange kvinner ved stasjonen, og trekk fram at dei har dei same opptakskrava som menn.

– Kvinnene våre er både råsterke og knallflinke i jobben sin. Me har eit heilt spesielt miljø ved stasjonen og er nær knytt til kvarandre. Alle veit kva dei skal gjera når me rykker ut, og det er ikkje noko kav. Det får me også tilbakemeldingar på frå politi og ambulanse, at det alltid er så roleg på skadestaden når me har utrykkinga, seier Semb.

Powered by Labrador CMS