nyhende

Tvilllinggutane Lars og Rasmus Eriksen Selsås er einegga og prikk like. Foreldra Siv Helene Eriksen og Helge Dale Selsås, opplever at dei har vunne den store gevinsten.
Tvilllinggutane Lars og Rasmus Eriksen Selsås er einegga og prikk like. Foreldra Siv Helene Eriksen og Helge Dale Selsås, opplever at dei har vunne den store gevinsten.

Dobbel babylukke i Sveioåsen

Siv Helene Eriksen (36) og Helge Dale Selsås (38) blei 7. mai i fjor foreldre til to gutar, Lars og Rasmus.

Publisert Sist oppdatert

– Me ønska oss begge born, men at det var to babyar i magen kom som eit sjokk, fortel Siv Helene Eriksen. På ultralyd i 18. svangerskapsveke viste det seg at ho hadde ikkje berre ein, men to babyar i magen.

Tvillingane kom til verda på Haukeland sjukehus fem veker for tidleg. Etter kvart fekk mor og born flytta over til nyfødd avdelinga på Haugesund sjukehus, og snart også heim til Sveioåsen der dei bur. Tvillingane er paret sine første barn saman. Helge har dottera Julie (10), og sonen David (12) frå tidlegare forhold.

Siv Helene er oppvaksen på Vormedal. Når permisjonstida er omme er planen å gjenoppta legespesialieringa i Bergen. Sambuar Helge er frå Førde, og er til dagleg lektor på Skeisvang vgs.

Vesle Lars er oppkalla etter tippoldefaren frå Bømlo på morsida, pluss ein oldefar på farssida frå Selsås. Namnet Rasmus har ei heilt spesiell betydning for pappa Helge, pluss at også bestefaren på Bømlo heitte det.

59 Sveio-babyar

59 nye sveibuar, av dei to tvillingpar, blei fødde i løpet av fjoråret.

Fødselstala er ein liten nedgang i høve til 2020 då det blei fødde 64 i kommunen.

– Her i Sveio hadde fleire på tampen av året, så det blei svært spennande på tampen av året, den av dei nyfødde som kom nærast til å bli eit nyttårsbarn kom til verda 29. desember, fortel Grethe Natås, leiande helsesjukepleiar i Sveio.

Flest i Sveio skulekrins

Ifølgje Natås høyrer dei fleste fødslane i 2021 til i Sveio sentrum eller område rundt Sveio skulekrins. Ekstra gledeleg er at det i Førde-bygda blei fødde fleire barn enn kva som har vore normalen dei siste åra. I Vikse, Valestrand og Auklandshamn krinsen derimot var det færre fødslar.

Dei aller fleste er fødde på Haugesund sjukehus, nokre har også kome til verda på Stord sjukehus.

Langt frå rekord

Året 2011 står ennå som sjølve glansåret for fødslar i Sveio. 89 nyfødde i løpet av eit år er ein rekord som er vanskeleg å slå. Tilvarande i 2018 var talet 76, medan det i 2019 var 55. Ein liten oppsving dei siste åra altså, men det er usikkert om det skuldast pandemien.

På nasjonalt plan har fødselstala stige i koronaperioden. Ifølgje Folkehelseinstituttet snudde trenden omtrent ni månader etter nedstengninga av Noreg våren 2020. Januar 2021 var første månaden på fleire år at fødselstala auka. Denne månaden blei det født 215 fleire barn enn i januar året før.

Spesiell tid

Om pandeminen har hatt innverknad på fødselstala i Sveio, kan ikkje Natås gå god for, men ho er særs godt nøgd med tala. Når det gjeld drift har helsetasjonen fått merka mykje ekstraarbeid, det vera seg at frå «levande» lister når folk har blitt sjuke, og barnekontrollar gjennomførte per telefon.

Ved Sveio helsestasjon er i tillegg til Grete Natås tilsett tre helsesjukepleiar, Cathrine Selsås, og Birgitte Bua, samt jordmor Tove Austreim Jacobsen. I skulehelsetenesta jobbar helsesjukepleiar Liv Mangrud (ungdomsskulen), Grethe Natås (Førde skule), Birgitte Bua (Vikse skule), Cathrine Selsås (Valestrand og Auklandshamn skule). Ved Sveio barneskule er Kjersti Førre Halsne gått ut i permisjon og vikar for ho kjem 1. februar, det er Marit Irene Grønningen. Lege ved helsestasjonen er Jakub Korzeniewski.

I den handskrivne fødselsboka ved Sveio helsestasjon er alle namn og datoar skrive ned. I januar 2020 var det registrert 1074 born totalt. Sveio-rekorden er på 89 fødde i løpet av eitt år, – det var i 2011. På bildet helsesjukepleiar Grethe Natås og dåverande jordmor Annett Semb Helvik.
Powered by Labrador CMS