nyhende

Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT) ventar stor trafikk på hyttene deira i sommar. Han meiner det kan vere smart å tinge tidleg for å få den turen ein ønskjer seg. FOTO: MAGNUS NYLØKKEN
Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT) ventar stor trafikk på hyttene deira i sommar. Han meiner det kan vere smart å tinge tidleg for å få den turen ein ønskjer seg.

DNT tilrår folk å tinge hytter tidleg

Den Norske Turistforening (DNT) ventar stor trafikk på hyttene sine i sommar. Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang tilrår folk å tinge tidleg for å få den turen dei ønskjer seg.

Publisert Sist oppdatert

– Vi har store forventingar til sommarsesongen og noko av forventningane knyter seg dessverre til det litt kjedeleg bakteppet med at krona står veldig svakt no, seier Klarp Solvang til Nynorsk pressekontor.

Fleire medium har skrive om at den svake kronekursen vil «tvinge» fleire til å ta noregsferie i år også. DNT-sjefen trur det er fleire grunnar til at mange vil velje å ta sommarferien i eige land.

– Eg trur vanane vi såg under pandemien har etablert seg. Folk har oppdaga at Noreg har mykje å by på og det er veldig kjekt å sjå. Veldig mange ser no at det er mykje spennande å oppleve også her heime.

Plass til alle

Også 2022 hadde DNT godt besøk på hyttene sine. Likevel bar sommaren i fjor preg av mykje dårleg vêr enkelte stadar i landet. Det er ein av grunnane til at Klarp Solvang trur sesongen i år blir endå betre.

– Våren starta veldig bra. Vi hadde ei kjempegod påske med godt besøk på hyttene våre. Det skapar optimisme før sommaren.

Han er likevel ikkje uroa for at nokon skal ende opp utan ein stad å overnatte.

– Vi seier aldri nei. Det er alltid plass. Vi har òg ei hyttebestillingsløysing no som er veldig lett å finne. Ho ligg på dnt.no og der kan ein gå inn å sikre seg ein stad å sove i god tid før avreise, seier generalsekretæren.

One key to rule them all

Når Klarp Solvang skal komme med råd til kva ein bør førebu før ein legg ut på fottur frå hytte til hytte er det eit tydeleg tips som overgår alle andre.

– Bli medlem! Då får du òg nøkkelen som sikrar deg tilgang til alle hyttene våre. «One key to rule them all», spøkar generalsekretæren med tydeleg referanse til Ringenes herre-filmane der sitatet «one ring to rule them all» står sentralt.

I tillegg tilrår han alle som planlegg DNT-ferie til å vere tidleg ute med å tinge plass.

– Slik er du heilt sikker på at det er hytter ledige i det område du og turfølgjet ditt har lyst til å gå i, tipsar han.

Nærområdet

DNT har tilbydd overnatting i den norske fjellheimen i 150 år. Eit tilbod som har dukka opp i seinare tid er overnatting i hytter og fyr langs kysten.

– Vi merkar at kysthyttene blir meir og meir populære etter kvart som folk oppdagar dei. At vi driv med hytter i fjellet er velkjent, men det er nok framleis mange som ikkje kjenner til dei mange overnattingsmuligheitene vi er i ferd med å få i låglandet og langs kysten, seier Dag Terje Klarp Solvang.

Han viser til at desse hyttene ofte òg er lettare tilgjengeleg.

– Dei ligg gjerne i nærområda til folk. Det gir ei ypparleg moglegheit til å kunne utforske naturen der ein bur og samstundes få nye spennande opplevingar.

Powered by Labrador CMS