nyhende
DNT håpar på rekord på Kom deg ut-dagen
Den Norske Turistforening (DNT) ventar rekordmange deltakarar på årets Kom deg ut-dag, som går av stabelen søndag 7. september. I Sveio blir det tradisjon tru «Friluftslivets dag» ved Bjellandselvo.
Det vil bli arrangement på 200 stadar over heile landet.
– Det er stor etterspurnad etter friluftstilbod i nærleiken av der folk bur, særleg blant barnefamiliar. Vi forventar at 46.000 vil kome på årets Kom deg ut-dag, så det kan definitivt kallast Noregs største søndagstur, seier generalsekretær Inger Lise Blyverket i DNT i ei pressemelding.
Denne spesielle friluftslivsdagen byr på eit spekter av gratis aktivitetar, frå leiker og natursti til klatring og bålkos. Arrangementet markerer også starten på Friluftslivsveka, som varer frå 6. til 14. september.
I Sveio blir det arrangement ved Bjellandselvo på søndag. Arrangert av Barnas Turlag Sveio og Vigdar grunneigarlag. Meir informasjon om arrangementet i Sveio finn du i kalenderen vår «Kva skjer i Sveio».
DNT har nyleg nådd 338.000 medlemmer, med størst vekst blant barn og unge. Talet på medlemmer under 12 år har auka med 7 prosent det siste året, medan aldersgruppa 19–25 år har hatt ein auke på over 8 prosent.