nyhende
Diskusjonsforum på biblioteket
Korleis kan me leva gode liv med mindre bruk av ressursar?
Dette blir tema for eit diskusjonsforum over fem kveldar på Sveio folkebibliotek denne hausten. Første samling blir torsdag 19. september. Innleiar denne første kvelden er økonom og forfattar Per Hjalmar Svae.
Biblioteket samarbeidar med MDG Sveio, Sveio SV, Sveio Venstre, Sveio bonde- og småbrukarlag, BIEN Haugalandet og Naturvernforbundet Haugalandet om diskusjonsforumet. Møteserien skal avsluttast med ein såkalla utopiverkstad. Det er gratis å delta, og ope for alle utan påmelding.