nyhende

Produksjonen på Castberg-feltet i Barentshavet bidreg til å fylle statskassa med svært velkomne milliardar. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Produksjonen på Castberg-feltet i Barentshavet bidreg til å fylle statskassa med svært velkomne milliardar.

Direkteinntektene til staten auka i første halvår – 139 milliardar oljekroner rett i statskassa

Statens hadde direkte inntekter frå olje- og gassverksemda på 139 milliardar kroner i første halvår i år. Det er 25 milliardar kroner meir enn i fjor.

Publisert Sist oppdatert

– Etterspurnaden etter norsk gass i den europeiske marknaden er framleis sterk, med ein gasspris som enda noko høgare samanlikna med same periode i fjor, seier administrerande direktør Kristin F. Kragseth i Petoro – det statlege selskapet som formelt eig mesteparten av eigedelane i SDØE.

SDØE er dei direkte økonomiske engasjementa til staten i petroleumsverksemda.

Resultat etter finanspostar var på 144,9 milliardar kroner, 43,0 milliardar kroner høgare enn same periode i fjor.

Lågare oljepris

Auken blir først og fremst knytt til høgare gasspris, og dessutan større inntekter som følgje av auka eigarskap i sentral gassinfrastruktur.

Oljeprisen fall frå 85 dollar fatet (904 kroner) i første halvår i fjor til 71 dollar (764 kroner) i same periode i år. Gassprisen derimot steig frå 3,84 kroner per standard kubikkmeter til 5,42 kroner.

Etter at gassforsyningane frå Russland har vorte sterkt reduserte, har Noreg dei siste åra vore Europas største leverandør av gass og stabilisert energiforsyninga til kontinentet i ei tid med stor uvisse.

– Må jobbe smartare

Norsk gass blir transportert til Europa gjennom eit nettverk av 8800 kilometer med røyrleidningar.

– Noreg har vorte ein garantist på leveransar av stabil og konkurransedyktig gass til Europa. Skal vi halde oppe den posisjonen, må vi som industri jobbe endå smartare saman for å utnytte dei ressursane vi har igjen, seier Kragseth.

– Det fordrar framleis god drift på eksisterande felt og infrastruktur, auka leiteaktivitet, og utvikling av ny og lønnsam produksjon med låge klimautslepp, poengterer ho.

Powered by Labrador CMS