nyhende
Digitalt lyspunkt for både barn og tilsette
Me må jo kunna bruka Teams til å halda kontakt med barn og foreldre, tenkte styrar Ruth Vihovde i Espira Solkroken. No har digitale møter blitt noko som både barn og tilsette ser fram til i desse koronatider.
– Me kan vel seia at Venke Synnøve har vore på heimebesøk hos oss, ler Susanne Fresvig, mor til Malin (4).
Etter at Malin hadde fått veta at pedagogisk leiar Venke Synnøve Steinsvåg skulle ringa, klarte ho nesten ikkje venta og spurte stadig om kortid ho skulle få snakka med henne.
– Det er ikkje så lett å forklara desse små kvifor dei ikkje får gå i barnehagen. Dei har det greit heime, men saknar både dei andre ungane og dei tilsette. At barnehagen held kontakten på denne måten er heilt supert, seier Fresvig.
Lettare å kommunisera
Storebror til Malin, Mathias (8) har gått i same barnehage. Minstejenta Saga på halvatanna år er på ei anna avdeling og har hatt sin eigen samtale. Men begge ville måtte vera med og snakka med Venke Synnøve.
– Det er fantastiske folk som jobbar i Solkroken, og det var stas for Mathias også. Han sakna barnehagen veldig då han slutta. At dei kan sjå kvarandre på video gjer det mykje lettare å kommunisera, og Malin fekk vist fram det meste. Ho har også i etterkant snakka mykje om kor kjekt dette var, fortel Fresvig.
Mykje å snakka om
Å snakka med foreldre og born via Teams, som dei tilsette i barnehagen brukar, var styrar Ruth Vihovde sin idé. Foreldre som ikkje hadde Teams, kunne kontaktast via e-post. Personalet på avdelingane delte barna mellom seg, og foreldra fekk melding om dato og klokkeslett.
– Dei vart spurte om det passa, og om dei heller ønska videosamtale. To eg skulle ringa ønska videosamtale, ein via messenger og ein via Teams, seier Steinsvåg.
Personleg syns ho det fort kan bli korte svar når ein snakkar i vanleg telefon.
– Når me er på video kan me snakka om det som er rundt ungane, og ungane kan for eksempel visa rommet sitt og leikene sine.
Lureegg og kattar
Å snakka med Malin og søskena, synest Steinsvåg var veldig kjekt.
– Malin fortalde mellom anna at ho og pappaen heldt på å bygga ande- og hønsehus, og at det var lureegg der ute. Eg fekk sjå det utanfor vindauga. Malin viste meg også nokre av kattene deiras. Og me snakka om korleis dei hadde det heima.
For Steinsvåg går arbeidsdagane elles i å vera «lærar» for eigne ungar, medan ho prøver å ta nokre e-kurs og lesa seg opp på ting ho elles ikkje får tid til. Og ho prøver å planlegga våren litt.
– Eg kjenner at det skal bli godt med vanlige arbeidsdagar igjen snart, med glade ungar og kjekke kollegaer!
Stor gjensynsglede
– Me har som mange andre litt lengre dagar i desse pandemitider. Det er begrensa kven me kan vera rundt, og det gjeld også minstejenta vår. Gleda var derfor stor då barnehagen ringte på video for å spørja korleis det gjekk, fortel Atle Jordal Håheim, far til Frida (4).
Frida ble oppringt av Heidi Knutsen som jobbar på Frida si avdeling, Regnbuen. Gjensynsgleda var stor, og Frida såg ut til å ha mye på hjarta.
– Ho fortalte ivrig om korona, kva ho hadde hatt til middag, og at ho hadde gått tur med mamma og pappa. Frida fekk etter kvart veldig lyst å til å visa rommet sitt, så då gjekk me opp der. Store og små ting ble tatt fram: bilder, bamsar, dyner og puter, fortel Jordal Håheim.
Gjer ein solid og viktig jobb
Praten gikk ivrig begge vegar, og etter 45 minuttar blei dei samde om at Heidi gjerne kunne ringa ein annan dag også.
– Det er kjekt å sjå at gjensynsgleda er så stor til dei som passar på barna våre til vanleg. Det vil eg tru er eit tydelig signal på den solide og viktige jobben dei gjer til vanleg. Eg håper me kan koma oss raskt tilbake i normalt gjenge igjen, sjølv om denne krisa har gjort det mogeleg å gjera ting me normalt ikkje set av tid til å gjera, seier Jordal Håheim.
I avdelinga Regnbuen held dei tilsette kontakt med fire barn kvar.
Gler seg til å møtast
– Barna får sjølve velja om dei vil snakka med oss, og om det skal vera på telefon eller videosamtale. Frida var litt sjenert i starten, men det tok ikkje lang tid før ho tødde opp. Det var kjempestas å få «besøk» heime, fortel Knutsen.
Frida gav uttrykk for at ho kosar seg heime, men saknar barnehagen.
– Me gler oss begge til å sjå kvarandre igjen og alle dei andre som høyrer til i Regnbuen, seier Knutsen.
Å ha heimekontor som barnehagetilsett er veldig anleis enn den vanlige kvardagen.
– Eg har to ungar som går på skule, så det går litt tid til heimeskule. Ut over det gjer eg det eg kan av jobbrelaterte ting, seier Knutsen.