nyhende

kulturskulelærar med lydstudio heime
Med heimestudio med gitar og keyboard, har kulturskulelærar i Sveio, Martin Mason, gode verktøy til å undervisa elevane sine digitalt. Han gler seg likevel til at alt skal normalisera seg og han får møta elevane sine igjen. I skrivande stund er det ikkje sett noko dato for når dette kan bli.

Digitale sprell i kulturskule

Torsdag 12. mars blei kulturskulen, på lik line med alle skular landet over, stengt grunn korona-pandemien. Lærarane har gjort sitt beste i eit forsøk på å gje elevane alternativ undervisning ved hjelp av digitale verktøy.

Publisert Sist oppdatert

Kulturskulelærar i Sveio, Martin Mason, har teke i bruk digitale verktøy for å nå elevane sine, grunna korona-epidemien.

– Eg synest elevane er tøffe som stiller opp på noko så uvant som ein gitar- eller pianotime via eit nettbrett. Nemnast må også engasjerte foreldre som i ein hektisk kvardag hjelper til, blant anna med å stilla som provisorisk «kameramann» ved halda nettbrettet over tangentane til sine håpefulle, fortel kulturskulelæraren.

Pause i samspelet

I følgje Mason har dei fleste elevane teke imot tilbodet om ein digital variant av undervisning. Korleis det praktisk har blitt løyst har vore litt opp til den enkelte lærar. Sjølv underviser han i gitar/bass/piano digitalt, vanlegvis også band-undervisning, men dette blei for vanskeleg å gjennomføra digitalt. Dei eldste elevane har nytta sine Chromebook datamaskinar via skulen, og dei fleste har fått til ei eller anna digital løysning som FaceTime, Zoom, Google Hangouts eller Skype.

– Det er ikkje til å koma forbi at det er ein del utfordringar når det kjem til musikk og digitalisering. Blant anna er det ikkje mogleg å få til samspel, det blir for mykje lyd-forseinkingar, og ein kjem ut og køyrer på rytme. Det kan også vera detaljar i spelet og dynamikken som kan vera vanskeleg å få tak i. Me opplever også at el-gitar/bass vrengjer lyden fordi det blir for høgt for mikrofonane, men me klarar å høyra og gje tilbakemelding på ein del likevel, forsikrar Mason.

– Det har vore kjekt å snakka med Martin over FaceTime og me synes han har laga eit supert opplegg for speling no i korona-tida. Det har vore nesten like kjekt som undervisninga på Vikse skule, men me gler seg til å komma tilbake til normale timar igjen, fortel søstrene Maja og Oda Luggenes By, på seks og ni år. Jentene bur på Rophus og har spelt piano sidan i haust.

Komposisjons-prosjekt

I løpet av korona-tida blir det også jobba med ein låt – eit felles komposisjonsprosjekt.

– Planen er at elevane sender snuttar til meg på e-post, mi oppgåve blir å samla og spela dette inn i heimestudioet mitt. Forhåpentlegvis resulterer dette i ein song til slutt, fortel læraren engasjert. Han har tru på at det er bra å halda litt på dei «vanlege» rutinane no i denne spesielle tida.

– Mange set pris på å ha ein person å snakka litt med, eg kjenner for eigen del at det er godt å kunne halda kontakten rett og slett berre for å høyra korleis det går. Men, når det er sagt, alle seier dei gler seg veldig til å koma på skulen igjen, dei er lei av berre å vera heime, medgir Mason. Også han gler seg til kulturskulen igjen kan opna som vanleg, samstundes som han ser at det gjerne er nokre smittevern omsyn som kan gjera det vanskeleg enda ei tid framover.

– Eg saknar Martin, me har det så kjekt i timane. Det er litt rart å ha pianotimar på «hangouts», eg ser berre ansiktet på pianolæraren, men det går bra. Eg øver på Bonanza song nå, – eg sa til Martin at eg likte den songen og så laga han noter og sendte på epost til meg. Det var gøy, fortel 10 år gamle Jonathan Haugland, busett i Valevåg.

Spel, syng og dans!

Kultursjef Pål Jøsok påpeikar at det er ikkje alle faga det er like enkelt å digitalisera, og det er ikkje til å leggja skjul på at det krev mykje av både lærarar, elevar og føresette å gjennomføra digital undervisning.

– Eg håpar de har høve til å nytta tida heime til å spela, syngja, dansa, måla, teikna og leika – og ta vare på dykk sjølve og dei rundt dykk, oppfordrar Jøsok. Han minner samstundes om tilbodet vidare: Vil du vera elev i kulturskulen skuleåret 2020/2021? Påmelding for neste år kan gjerast på sveiokulturskule.no

Powered by Labrador CMS