nyhende

Bunadsdebatten er eit av dei sikraste vårteikna våre. Kulturdirektoratet meiner kommersialisering trugar bunadskulturen. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Bunadsdebatten er eit av dei sikraste vårteikna våre. Kulturdirektoratet meiner kommersialisering trugar bunadskulturen.

Difor vekkjer bunaden sterke kjensle

Like sikkert som at 17. mai kjem kvart år dukkar bunadsdebatten opp i avisspaltene. Fleire meiner kommersielle krefter trugar bunadskulturen.

Publisert Sist oppdatert

– Bunaden er eit plagg som set både hjarte og sinn i flammar. Mange meiner mykje om bunad, og grunnen til det er at vi brukar han i samanhengar som er viktige, fortel Unni Irmelin Kvam til Nynorsk pressekontor.

Ho driv podkasten Bunadspodden, som i skrivande stund tel 37 episodar. I podkasten tek Kvam for seg ulike aspekt ved folkedraktskikken vår og nettopp kvifor bunaden betyr så mykje for folk.

Bunaden er viktig for mange og korleis han skal brukast blir stadig diskutert. Her ser vi Hallingdrakt frå Ål med jentelue.

Lin eller silke?

I år har spesielt eitt tema rundt bunadsbruk blussa opp i forkant av nasjonaldagen vår. Artist Sandra Lyng har lansert «Lyng Wear drømmebluse» som eit alternativ til linskjorta som høyrer til nordlandsbunaden. Dette har fyrt opp debatten, og i ein kronikk i VG tek Lyng til orde for at det må gå an å skape noko nytt utan å bli angripen av «bunadspolitiet». Ho har fått tilsvar frå Torbjørn Urfjell, som er direktør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet.

– Vi åtvarar mot ei kommersialisering der handverket blir erstatta av produkt frå tekstilindustrien, seier Torbjørn Urfjell i Kulturdirektoratet.

– Vi åtvarar mot ei kommersialisering der handverket blir erstatta av produkt frå tekstilindustrien, seier Urfjell til Nynorsk pressekontor.

Han er klar på at bunaden stadig er i utvikling og at dette skal skje i dialog mellom bunadsbrukaren og bunadstilverkaren, men …

– Bunaden er eit handverksprodukt. Erstattar du handverk med industri blir det ikkje lenger bunad, seier han.

Bunaden er ein viktig del av kulturarven vår, men kommersielle krefter kan truge levebrødet til norske bunadstilverkarar.

Han meiner det verste som kan skje for bunadane våre framover er at folk sluttar å engasjere seg.

– Det å ikkje bry seg er verre enn å bryte med og endre tradisjonar. For å halde kulturarven vår levande må vi ha ein diskusjon mellom folk – om kva som er og skal vere kulturarv, seier Urfjell.

Unni Irmelin Kvam ønskjer å halde på tradisjonen med bunadskjorte i lin.

– Det finst mykje fint i silke, men det er ikkje heilt riktig snitt. Så eg tenker at med berekraft som bakgrunn, vil eg prøve å forandre bunaden min minst mogleg og kjøpe minst mogleg dill. Eg ønskjer ikkje å modernisere kjempe mykje, men eg vil heller heidre tradisjonen bunaden står i, seier ho.

Bunaden er i stadig utvikling, men kven skal bestemme kva som er lov og ikkje?

Kommersiell debatt

Kvam meiner media lèt bunadsdebatten bli styrt av kommersielle aktørar som bidreg til unødvendig forbruk.

– Eit forbruk som ikkje fører til berekraft, og som gir mikroplast i havet og skadar menneske på jorda. Vi veit alle kvar polyesterkleda hamnar: I land der uskuldige og fattige menneske strevar med å handtere søpla vår, plastklede vi ikkje lenger vil bruke og som ikkje lèt seg bryte ned så lett.

Ho utdjupar:

– Oppslaga i SoMe og media er prega av at nokre blir sette opp mot kvarandre. Det er jo klart at media tener på klikk og derfor legg opp til at det er klare og tydelege konfliktlinjer: Då får ein eit «influensar med polyesterskjorte-team» og eit «fattig tradisjonshandverkar-team» eller alternativt «redde verda frå tekstilavfall-team». Det er polarisering ingen er tent med, seier Kvam.

Unni Irmelin Kvam meiner bunadsdebatten blir styrt av kommersielle aktørar.

Vil ha andre bunadshistorier

Gjennom podkasten sin prøver Unni Irmelin Kvam å fortelje annleis historier om bunaden.

– Det er det som er så fint med å lage podkast om bunad, som ein finansierer med eigne pengar. Eg treng ikkje å forhalde meg til kva kommersielle aktørar ønskjer å reklamere for gjennom redaksjonell tekst eller influensarar på Instagram: Eg er redaksjonelt fri til å lage episodar om bunad på Unesco-lista eller om Giklingbunadens utvandring frå Sunndal til USA og heimereise igjen gjennom Nordmøres største spleis, fortel ho.

Unni Irmelin Kvam meiner det i samfunnet som heilskap er eit stort kunnskapshol om bunadar.

– Vi manglar grunnleggjande kunnskap, både om historie og tradisjonshandverk, og det gjer at vi må starte bunadssamtalen på null kvar einaste sesong.

Bunad er eit festplagg som mange er stolte av, men kvar går grensene for modernisering?

(©NPK)

Powered by Labrador CMS