nyhende

«Pensjonist, gratulerer» står det på dette kortet. Framover må ein rekne med at mottakarane av slike kort blir eldre. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
«Pensjonist, gratulerer» står det på dette kortet. Framover må ein rekne med at mottakarane av slike kort blir eldre.

Difor står vi lenger i jobb no

Pensjonsreforma frå 2011 la til grunn at vi må stå lenger i jobb for å få like god pensjon som generasjonane før oss. 14 år seinare ser vi at det er fleire lønnsmottakarar blant dei eldre.

Publisert Sist oppdatert

Fakta

  • I perioden 2015 til 2023 auka talet på sysselsette nordmenn over 55 år.
  • I aldersgruppa 55 til 61 år auka talet på lønnsmottakarar frå 71 prosent til nesten 73 prosent i perioden.
  • I aldersgruppa 62 til 66 år auka talet på lønnsmottakarar frå 45 til 49 prosent.
  • I 2022 og -23 var det òg ein auke i sysselsettinga i aldersgruppa 67 til 74 år samanlikna med åra før. I 2022 var 13 prosent i denne aldersgruppa lønnstakarar medan 14 prosent var lønnstakarar i 2023.

– Vi ser at det særleg er innan eigedomsdrift og i ulike medlemsorganisasjonar at arbeidstakarane står lengst i jobb. Det er naturleg å tenkje at det innan fleire fysisk krevjande yrke er vanskelegare å stå i jobb lenge, sa rådgivar Malin Pettersen i Statistisk sentralbyrå (SSB) under lanseringa av artikkelsamlinga «Seniorer i Norge».

I artikkelsamlinga kjem det fram at talet på lønnsmottakarar over 55 år har gått jamt opp frå 2015 til 2023. Det er òg klare skilnader på kor lenge menn og kvinner vel å jobbe.

Fleire menn

Jamt over viser tala at fleire menn enn kvinner vel å stå lenger i jobb. Størst skilnad er det blant 66-åringane. Der står 41 prosent av mennene i jobb medan 30 prosent av kvinnene gjer det same.

Ei stor gruppe vel òg å kombinere pensjon med arbeid. Av dei som har teke ut pensjon for første gong held 57 prosent av menn fram i jobb medan 40 prosent av kvinnene held fram.

Kvinner og menn oppgir ulike motiv for å stå lenger i jobb. SSB har gjennomført ei Arbeidskraftundersøk ing som går nærare inn på dette.

I perioden 2015 til 2023 ser vi ein auke i kor mange som er i jobb blant nordmenn over 55 år.

– Både blant menn og kvinner var det å vere produktiv den viktigaste grunnen til at dei heldt fram med å jobbe medan dei tok ut pensjon. Samstundes var det fleire av kvinnene som viste til økonomiske grunnar, ønskje om sosialt samvær og andre årsaker. Det var dobbelt så mange kvinner som oppgav ønskje om sosialt samvær som hovudgrunnen til å halde fram i arbeid, sa Pettersen.

Undersøkinga peikar òg på kva grunnar folk legg til grunn når dei vel å slutte i jobb.

– Dei viktigaste grunnen til at folk sluttar å jobbe er at ein har opparbeidd seg retten til å ta pensjon. Den nest største grunnen er at ein har oppnådd seinast moglege pensjonsalder – altså at ein må gå av med pensjon. Menn slutta hovudsakleg fordi dei måtte etter å ha nådd seinaste moglege pensjonsalder, medan kvinnene slutta fordi dei kunne etter å ha oppnådd retten til å ta ut pensjon, sa Pettersen.

Betre helse

Pensjon og kor lenge vi skal stå i jobb blir stadig diskutert. Seinast i fjor blei sju av partia på Stortinget samde om eitt nytt pensjonsforlik. Blant elementa som har fått mest merksemd der er innføringa av ein såkalla normert pensjonsalder, og som ein del av det ein gradvis auke av alle aldersgrensene i pensjonssystemet i takt med levealdersutviklinga.

– Det er betre helse blant dei eldste. Det er ein føresetnad for å stå lenger i jobb og vi har sett det med det siste pensjonsforliket at ein ønskjer å auke pensjonsaldersgrensa i tråd med auka levealder, sa Pettersen.

Pensjonsreforma frå 2011 la til grunn at vi må stå lenger i jobb for å få like god pensjon som generasjonane før oss. 14 år seinare ser vi at det er fleire lønnsmottakarar i dei eldre aldersgruppene.
Powered by Labrador CMS