Ei scene i NRK-serien Lykkeland har fått fleire kvinnelege næringstoppar til å endre namnet sitt til «Arne» på LinkedIn. Høgre-leiar Erna Solberg skriv i eit innlegg på LinkedIn at formålet med aksjonen er å synleggjere kjønnsulikskapar i toppstillingar i Noreg.FOTO: NPK
NPK-NTB: Den kvinnelege hovudpersonen i «Lykkeland» endra namn til «Arne» for å få jobbintervju. No tek Erna Solberg (H) og fleire næringslivskvinner i bruk namnet.
Dei siste vekene har fleire kvinner i næringslivet skifta namn til «Arne» på LinkedIn – eit sosialt medium for næringslivet. Den såkalla Arne-kampanjen vart mellom anna inspirert av NRK-serien «Lykkeland», skriv E24.
– Eg såg ein episode der hovudpersonen Anna ikkje får jobb, trass i økonomiutdanning og toppkarakterar. Når ho skiftar namnet på CV-en til Arne, får ho plutseleg jobb med ein gong, seier Anita Krohn Traaseth.
Ho er mangeårig næringslivsleiar og forfattar. Sjølv om serien er lagt til 1970-talet, og likestillinga i norsk næringsliv har komme lenger sidan det, meiner Traaseth det går altfor tregt.
Også tidlegare statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg har meldt seg på kampanjen. No heiter ho Arne Erna Solberg på LinkedIn, skriv Dagsavisen.
«I fremtiden håper jeg at det blir plass til flere kvinner uten at man må bytte navn til Arne, og at vi både i rekruttering til toppstillinger og andre stillinger blir flinkere til å se forbi kjønn, etnisitet og egne stereotypier», skriv ho i eit innlegg på LinkedIn.
Ideen til Arne-kampanjen er inspirert av ein kampanje frå Nederland, der mange kvinner på LinkedIn har lagt til namnet «Peter».
I Noreg ser det ut til å vere Arne som er det største toppleiarnamnet. På lista over Noregs hundre best betalte leiarar i 2018, var det ifølgje nettstaden Equality Check fleire som heitte Arne enn det var kvinner, skriv E24.

Næringslivsleiar Anita Krohn Traaseth starta Arne-kampanjen etter at ho såg NRK-serien Lykkeland, med Anna Hellevik som ikkje fekk jobb før ho «endra» namn til Arne. Traaseth talte under hundreårsjubileet til Elektroforeningen i Oslo Plaza i 2018.Arkivfoto: Berit Roald / NTB / NPK