NPK: Mange turgåarar og naturnytarar synest nok at flåtten er ein plage som ein helst skulle vore forutan. Ifølgje forskning.se ville det ikkje nødvendigvis vore utelukkande positivt.
Lars Lundqvist er flåttekspert ved Lunds universitet i Sverige, og fortel at flåtten òg spelar ei rolle i naturen.
– Om ein hadde fjerna all flått, trur eg skogen hadde fløymt over av mus og smågnagarar. Det er desse som er dei vanlegaste vertane for flåtten, seier Lundqvist.
Spreiing av sjukdom grunna flått er med på å halde bestanden nede.
– Mus et gjerne av maten som blir dyrka, som til dømes korn, som kan vere eit problem, forklarar han.
Det finst ingen reell oversikt over kor mange flått som eksisterer i naturen, men ein veit at ho-flåtten kan legge mellom 2000 og 3000 egg før ho døyr.